HELSENORGE
Poliklinikk for gravide, mor og barn

Graviditet - tilvekstkontroll

Frå og med svangerskapskontrollen i veke 24 vil jordmor eller fastlege måle livmora frå symfusen (skambeinet) til toppen av livmora med eit måleband (symfuse-fundus må, SF-mål) som eit mål på storleiken til fosteret. Om SF-målet avvik frå normalkurva, vil du bli tilvist til svangerskapspoliklinikk for vidare undersøking med ultralyd for å finne årsaka til avviket.

Innleiing

Fleire forhold kan påverke SF-målet:

  • Høgt SF-mål kan vere uttrykk for stort barn, muskelknute, mykje fostervatn eller tvillingar
  • Lågt SF-mål kan vere teikn på for lite fostervatn eller at fosteret veks lite

Det kan også vere at alt er heilt normalt sjølv om SF-målet er enten høgt eller lågt.

At eit foster veks lite kan skuldast genetiske / arvelege årsaker, sjukdom hos mor, sjukdom i morkaka, eller sjukdom hos fosteret. Ofte spelar fleire faktorar inn.

Målet med undersøkinga er å avklare moglege årsaker og planleggje vidare oppfølging og behandling. Ofte er det nødvendig med fleire kontrollar, og nokre gonger blir det anbefalt å framskunde fødselen.

Før

Dersom du blir tilvist til svangerskapspoliklinikken må du ta med ei urinprøve når du skal til undersøkinga.

Lite fosterbevegelsar

Eit resultat av manglande tilvekst og trivsel hos fosteret kan vere at fosteret bevegar seg mindre, og at du kjenner mindre fosterbevegelsar, mindre liv. Ved betydeleg og vedvarande reduksjon i fosterbevegelsar på tross av fokus på å kjenne etter, bør du kontakte fødeavdelinga direkte.

Under

Det er rutine å kontrollere mor sitt blodtrykk og urin ved ein tilvekstkontroll.

Registrering av fosterets hjarterytme

Ved tilvekstkontroll vil det også i nokre tilfelle gjerast ei registrering av fosteret sin hjarterytme (CTG). Dette blir då gjort enten før eller etter at legen gjer ei ultralydundersøking.

CTG-undersøking av gravid kvinne. Foto
CTG-undersøking. Foto: Oslo universitetssykehus

Ultralydundersøking

Ultralydundersøkinga inkluderer:

  • Målingar av fosteret (hovud, buk og lårbein)
  • Mageomkrets og lengda på lårbeinet
  • Samanlikning med tidlegare målingar og estimering av fostervekt
  • Evaluering av fostervatnmengde
  • Vurdering av fosteraktivitet
  • Eventuelt gjennomgang av fosterets anatomi

Som regel er måling av blodgjennomstrømminga i blodkara i navlesnora også ein del av undersøkinga. Ultralydundersøkinga blir utført av jordmødrer og legar, og er ikkje smertefullt for mor eller foster.

Etter

Resultata frå ultralydundersøkinga blir saman med informasjon om helsa di, risikofaktorar, resultat frå tidlegare undersøkingar, alderen til fosteret og vekst over tid avgjerande for svangerskapet framover.

Nokre gravide blir følgt opp vidare hos fastlege eller jordmor, nokre blir følgt opp vidare poliklinisk på sjukehuset, og nokre blir innlagt til observasjon og hos enkelte planleggjast fødsel.

Kva som er beste fødselsmetode for foster med tilveksthemming og tidspunktet for når fødselen skal planleggjast, må vurderast individuelt i kvart enkelt svangerskap.

Neste svangerskap

Det er auka risiko for gjentaking av veksthemming hos fosteret i neste svangerskap. Dersom du planlegg å bli gravid fleire gonger bør det neste svangerskapet planleggjast og følgjast opp i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Oppfølging i neste svangerskap kan innebere tidleg ultralyd, bruk av medikament (Albyl-E) frå svangerskapsveke 12 i tillegg til regelmessige tilvekstkontrollar seinare i svangerskapet.

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Sjølvbetent innsjekk og betaling

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?