Graviditet - svangerskapskløe
Kløe i svangerskapet skjer hyppig og er for det meste ein ufarleg tilstand som ikkje krev oppfølging. Langt sjeldnare (1%) skuldast kløa hepatose. Hepatose er kjenneteikna av forhøga galle- og leverfunksjonsprøvar og kløe utan utslett i spesielt hender og under fotsålene. Kløa er vanlegvis verst om nettene og førekjem ofte i slutten av svangerskapet.
Utgreiing
I tillegg til kløe i handflater og fotsåler kan symptoma vere trøyttleik, vekttap, smerter i matrøyret, mørk urin og gallestein.
Får du desse symptoma bør du ta kontakt med din jordmor / fastlege for å ta ein blodprøve.
Symptoma kan oppstå før det gir utslag på blodprøvane. Ved vedvarande og typisk kløe, men normale blodverdiar bør det derfor vurderast å gjenta prøvetakinga. Det er ikkje samanheng mellom kløeintensiteten og gallesyrenivåa.
Symptoma kan forvekslast med gallestein og ved tvil bør du bli tilvist til ultralydundersøking av lever og gallevegar. Symptoma kan også forvekslast med svangerskapsforgifting, akutt fettlever i svangerskapet og virusinfeksjon. Ved tvil blir det tatt utvida blodprøvar.
Behandling
Ved hepatose får du ofte behandling med K-vitamin, Ursofalk og Polaramintablettar for å lindre kløe, hjelpe ved søvnvanskar og redusere gallesyrenivået.
Ved høge nivå av gallesyre kan det vere ein auka risiko for uheldige svangerskapsutfall / komplikasjonar mot slutten av svangerskapet. Svangerskapet blir derfor følgt tett og det vil fortløpande bli vurdert om det er behov for å setje i gang fødselen.
Oppfølging
Gravide med hepatose kan ha K-vitamin mangel som kan medføre auka blødingsfare etter fødsel. Fødselshjelparane vil ha tiltak klare for å førebyggje og behandle slike blødingar.
Gravide som har hatt hepatose har 90% risiko for gjentaking i eit nytt svangerskap.
Etter fødsel slutar du med medisinar. Vidare oppfølging skjer hos fastlege med kontroll av leverfunksjonar ca. 14 dagar etter fødsel. Du skal også vere forsiktig ved bruk av p-pillar som kan utløyse same tilstand.
Kontakt
Glasblokkene
Svangerskaps- og barselpoliklinikk
Oppmøtestad
Glasblokkene, blokk 5, 1. etasje, ventesone C12.
Denne er felles for ØNH-poliklinikken og dei fleste polikliniske pasientane til KK som høyrer til i blokk 5.
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen