HELSENORGE
Poliklinikk for gravide, mor og barn

Graviditet - svangerskapsforgifting

Svangerskapsforgifting, også kjend som preeklampsi, er ein sjukdom som berre kan oppstå i samband med svangerskap. Tilstanden er definert som nyoppstått forhøga blodtrykk i svangerskapet saman med protein i urinen etter 20. svangerskapsveke. Vi definerar også nyoppstått forhøga blodtrykk saman med andre tekn på dårleg fungerande organar, slik som leversvikt, som svangerskapsforgifting. 

Innleiing

Ingen veit enno kva som forårsakar svangerskapsforgifting. Vi veit imidlertid at årsaka kan knyttast til morkaka si funksjon. Vi tror i dag at stoff frå morkaka kjem over i den gravides blodsirkulasjon og påverkar blodåreveggene slik at kvinna får auka blodtrykk samt lekkasjon av proteinar gjennom nyrenes årevegger. Nokre kvinnar med preeklampsi har tekn på dysfunksjon av andre organar enn nyrene, slik at dei i staden for proteiner for eksempel har auka leverenzymer i blodet.

Om kvnna berre utviklar forhøga blodtrykk utan proteinar i urinen, eller andre organsvikttekn, blir tilstanden kalla svangerskapsindusert hypertensjon. Nokre kvinner har eit forhøga blodtrykk allereie før 20. svangerskapsveke, eller frå før dei blir gravide, dette blir kalla kronisk hypertensjon.

Til saman kallar ein svangerskapsforgifting, svangerskapsindusert hypertensjon og kronisk hypertensjon i svangerskapet for hypertensive svangerskapskomplikasjonar.

Hypertensive svangerskapskomplikasjonar kan gi komplikasjonar både for mor og foster.

Norsk gynekologisk forening (Den norske legeforening) har laga ein rettleiar i fødselshjelp. I vedlegg til kapittel 28 finn du meir informasjon om hypertensive svangerskapskomplikasjonar.

Pasientinformasjon om preeklampsi fra Norsk Gynekologisk ForeningPatient Information about Preeclampsia from the Norwegian Society for Gynecology and Obstetrics

Før

Vi anbefalar ein normal og sunn livsstil før og under graviditeten med fysisk aktivitet, eit sunt kosthald og normal vekt for å førebyggje komplikasjonar i svangerskapet, også hypertensive svangerskapskomplikasjonar.

Sjølv med ein eller fleire risikofaktorar kan du få eit normalt svangerskap og fødsel. 

Under

Blodtrykksenkande medisinar

For å forhindre komplikasjonar (som hjernebløding) får kvinner med alvorleg hypertensive svangerskapskomplikasjonar ulike former for blodtrykkssenkande medisinar. Behandlinga minskar risikoen for komplikasjonar, men behandlar ikkje sjukdommen i seg sjølv.

Hos dei fleste normaliserer blodtrykket seg nokre dagar etter fødsel, men nokon kvinner treng å bruke blodtrykkssenkande medikament ein tid etter fødselen. Nokon få må bruke medikament resten av livet. I sjeldne tilfelle kan svært alvorlege hypertensive svangerskapskomplikasjonar gi varige helseskader.

Ultralyd

Du blir følgt tett på svangerskapspoliklinikken med kontroll av blodtrykk, undersøking av urin, eventuelt blodprøvar og registrering av barnets hjarterytme (CTG). I tillegg utførar vi ultralydundersøkingar for å undersøke fostervekst, måling av blodgjennomstrømming i navlesnor og fostervatnmengde. Kor tett du vil bli følgt opp, kjem an på alvorlegheitsgraden.

Observasjon på fødeavdeling

For å overvake deg og fosteret med alvorlege hypertensive svangerskapskomplikasjonar blir nokre gravide innlagt på fødeavdelinga til observasjon. Det optimale forløysingspunktet er basert på fleire faktorar. Helsa di må vegast opp mot barnets risiko for komplikasjonar, for eksempel for tidleg fødsel.

Igangsetting av fødsel eller keisarsnitt

Vi kan sette fødselen i gang eller utføre keisarsnitt avhengig av mor og barns helse, svangerskapsalder, livmorhalsens modenheit og om du har fødd tidlegare.

Etter

Både kvinner og barn har etter svangerskapsforgifting ein noke auka risiko for å utvikle hjarte- og karsjukdommar seinare i livet. Det føreligg enno ingen klare retningslinjer for korleis kvinner som har hatt svangerskapsforgifting bør bli følgt opp, men Norsk gynekologisk forening har i sin veileder laga eit forslag som du kan diskutere med eigen lege, dersom du har gått gjennom preeklampsi.

Vi anbefalar at du som har hatt svangerskapsforgifting har ein livsstil som kan bidra til å førebyggje hjarte- og karsjukdom. Det er viktig at du:

  • er fysisk aktiv
  • har eit variert og allsidig kosthald
  • begrensar inntak av metta fett, salt og sukker
  • unngå røykjing
  • opprettheld normal vekt

(Retningslinjar frå Helsedirektoratet)

Kontrollar

Du bør ta opp di historie med svangerskapsforgifting ved rutinesjekk hos fastlege 6 veker etter fødsel. Fastlegen kan leggje opp eit vidare kontrollopplegg tilpassa din generelle helsetilstand og andre risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar. Dette kan for eksempel være kvart tredje år samstundes med screening for livmorhalskreft.

Har du kronisk sjukdom som kan påverke hjarte- og karhelsa anbefalar vi at du blir følgt opp av fastlege / spesialist i neste svangerskap og seinare i livet.

Friske kvinner som har fått svangerskapsforgifting og som fortsatt har høgt blodtrykk ved heimreise frå føde / barsel blir anbefala å følgje eit kontrollopplegg utanfor sjukehuset til dei har fått normalt blodtrykk.

For deg som har hatt alvorleg svangerskapsforgifting kan det vere aktuelt med kontroll på svangerskapspoliklinikken 2-3 månader etter fødsel.

Neste svangerskap

Dersom du har hatt svangerskapsforgifting kan det vere aktuelt med dagleg Albyl-E frå veke 12 i neste svangerskap. Dette får du beskjed om ved heimreise eller ved kontroll etter fødsel. Vi anbefaler tidleg svangerskapskontroll med eventuelt ultralyd i neste svangerskap og kontrollar i samarbeid mellom fastlege eller jordmor og svangerskapspoliklinikken ved sjukehuset der du skal føde.

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Sjølvbetent innsjekk og betaling

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?