Graviditet - overvekt
Overvekt og fedme i svangerskapet aukar risikoen for komplikasjonar i svangerskapet, under fødsel og i barseltida. Overvekt og fedme kan opptre åleine eller vere ein del av eit samansett sjukdomsbilete. Alle gravide blir tilråda minimum 30 minutt fysisk aktivitet kvar dag (gå gjerne tur). Ved BMI over 30 er anbefalt vektauke i svangerskapet 5-9 kg.
Overvekt og fedme medfører ein helserisiko som kan reduserast ved sunnare kosthald og fysisk aktivitet. Svangerskap er ei periode der kvinner synast å vere særleg motivert og mottakeleg for informasjon og oppfølging av overvekt og fedme. Sunnare kosthald og auka aktivitet gjer så langt vi veit ikkje uheldige utfall for svangerskapet. Aktiv slanking tilrådast ikkje.
Matportalen.no gir deg ei oversikt over norske myndigheiter sine kostråd til gravide
Før
- Gravide med overvekt eller fedme med BMI under 35 blir følgt opp i primærhelsetenesta. Vi anbefaler tett oppfølging med råd om endringar i kosthald og livsstil.
- Gravide med BMI over 30 blir anbefalt blodprøve (HbA1c) innen svangerskapsuke 16 for å avdekke eventuell uoppdaga diabetes mellitus.
- Gravide med BMI over 25 blir anbefalt glukosebelastning i svangerskapsuke 24-28 for å avdekke svangerskapsdiabetes.
- Ved BMI over 35 blir gravide tilvist til spesialist ved 24 vekers svangerskap, for oppfølging hos spesialist ved 24, 32 og 36 vekers graviditet.
- Oppfølginga frå og med veke 32 bør skje på den poliklinikken der den gravide skal føde. Oppfølgingas omfang vil vere avhengig av om det også er andre tilleggstilstandar som påverkar den gravide og fosteret (svangerskapsforgifting, høgt blodtrykk eller diabetes).
Under
Ved normal svangerskapsutvikling og utan tilleggsdiagnosar vert det anbefalt trivselskontroll ved termin. For gravide med BMI over 35, vil det bli vurdert om fødselen bør setjast i gang i løpet av den første veka etter termin dersom du ikkje går spontant i fødsel. Ved tidleg fødsel vil fødselslege og anestesilege sjå til deg.
For å førebyggje komplikasjonar anbefaler ein nokre ekstra tiltak for å overvake deg og fosteret under fødsel, for eksempel blodprøvar, ekstra fosterovervaking, intravenøse tilgangar og klargjering for tidleg epidural.
Når barnet skal fødast vil fødselshjelparane rettleie deg, særleg i slutten av utdrivingsfasen. Blir det behov for vacum- eller tangforløysing kan det vurderast å gjere dette på ei operasjonsstove. Då kan det raskt utførast keisarsnitt ved behov. Ved svært høg BMI kan det vurderast planlagt keisarsnitt.
Etter
Gravide med fedme har auka risiko for blødning etter fødsel. Fødselshjelparane vil derfor vere ekstra merksame på dette. Etter fødsel er det viktig at du kjem deg raskt i aktivitet.
Støttestrømpar, aktivitet og blodfortynnande sprøytar vil kunne førebyggje blodpropp.
God rettleiing under ammestart kan førebyggje ammeproblem.
Kontakt
Glasblokkene
Svangerskaps- og barselpoliklinikk
Oppmøtestad
Glasblokkene, blokk 5, 1. etasje, ventesone C12.
Denne er felles for ØNH-poliklinikken og dei fleste polikliniske pasientane til KK som høyrer til i blokk 5.
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen