Seksjon for fostermedisin og ultralyd

Graviditet - morkakeprøve

Ved ei morkakeprøve tar vi celler frå morkaka for å sjå om fosteret har ein kromosomforandring eller genetisk sjukdom. 

Innleiing

Kvinner som har høg risiko for å få eit foster med kromosomforandring eller annan spesifikk alvorleg sjukdom, kan få tilbod om morkakeprøve. For å få utført morkakeprøve må du bli tilvist frå lege, jordmor eller frå ein avdeling for medisinsk genetikk.

Før

Undersøkinga blir utført frå svangeskapsveke 11.

Om du skal til morkakeprøve, er det fint om du tar med prøvesvar på din blodtype om du har eit skriftleg notat på dette (for eksempel eit helsekort frå tidlegare svangerskap eller svar på blodprøva fra dette svangerskapet).

Om du nyttar blodfortynnande medisinar, bør du ikkje ta desse det siste døgnet før morkakeprøva. Det er viktig at du informerer legen som har skrevet ut medisinane, i tilfelle du ikkje bør ha opphald i behandlinga med blodfortynnande medisinar.

Du vil først få genetisk rettleiing ved en avdeling for medisinsk genetikk. Mange som får tilbod om morkakeprøve vil vere utgreia for moglegheita for alvorleg sjukdom hos fosteret (til dømes alvorleg arveleg sjukdom) før svangerskapet og vil derfor kjenne til metoden. Om det er ultralydfunn som er grunna til morkakeprøva, er det vanlegvis lege ved fostermedisinsk avdeling som gjer informasjon.

Under

Før morkakeprøve utfører vi ein ultralydundersøking for å finne ut kor stort fosteret er, og kva slags metode som er mest eigna. Kva metode som blir valt, er avhengig av korleis morkaka er plassert. Det blir ikkje gjort full ultralydundersøking av fosteret.

Morkakeprøven kan utførast på to ulike måtar:

Gjennom magen (transabdominalt)

Om ein går gjennom magen fører vi ein nål inn i morkaka under ultralydrettleiing og syg ut vev frå denne.

Gjennom skjeda (transcervicalt)

Om ein går gjennom skjeda, fører vi eit tynt kateter under ultralydrettleiing via skjeda og inn i morkaka der ein syg ut vev.

Prøvetakinga kan gjere litt vondt. Smerta blir opplevd forskjellig vis, for dei fleste er det omtrent som ved ein vanleg blodprøve.

Etter

Du skal vente i 15 minutt før du forlet sjukehuset etter undersøkinga.

Morkakecellene blir undersøkt i laboratorium for medisinsk genetikk. Tida det tar å få svar på prøvane, kjem an på kva som skal undersøkjast. Vanlegvis tek det minst ei veke. Enkelte spesielle undersøkingar kan ta opptil fleire veker.

Veka etter undersøkinga skal du ta det litt meir med ro enn vanleg. Om du har tungt fysisk arbeid, vil det kunne vere behov for sjukemelding i nokre dagar.

Ver merksam

Om lag 0,5% av dei som tar morkakeprøve vil spontanabortere på grunn av sjølve prøvetakinga. Spontanaborten kjem vanlegvis i løpet av veka etter prøven er tatt.

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

Sør for Haukeland (line 5 og 6)​, nord for Haukeland (line 12 og 16E), Ibsensgate (arbeidsruter) og Haukelandsveien (line 5,6 og 16E).

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Sjølvbetent innsjekk og betaling

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?