Photodynamic treatment (PDT)
Fotodynamisk behandling av hud
Fotodynamisk behandling er ein behandlingsmetode for visse typar hudkreft og solskada hud. Behandlinga er enkel å utføre og gir som regel eit godt kosmetisk resultat.
Før
Du kan gjerne smørje Locobase Renew på alle fortjukka og skjellete område som skal behandlast med PDT, også i ansiktet. Start smørjinga 7 dagar før planlagd behandling.
Smør éin gong dagleg i fem dagar, avslutt smørjinga to dagar før behandling. Dette gjeld ved første behandling.
Du skal møte med rein og usminka hud.
Ta med liste over eventuelle faste medisinar når du kjem til timen.
Under
Du bør setje av heile dagen til behandlinga. Området som skal behandlast blir først skrapa og deretter påført ein krem. Det blir dekt så med plaster som skal liggje på i minst 3 timar. Du kan forlate poliklinikken i dette tidsrommet. Deretter blir det klargjort for lysbehandling i 10 minutt per område.
Sjukepleiar er til stades under lysbehandlinga.
Behandlinga kan opplevast smertefull medan lysbehandlinga skjer og eit par timar etterpå. Grada av smerte kan variere. Smertestillande tablettar som Paracet vil som regel dempe desse plagene. Av og til bruker vi lokalbedøving før behandlinga.
Etter
Den første veka må du rekne med hevelse, raud farge og væske frå behandlingsområdet. Bruk plaster ved behov, om det væskar mykje. Du kan dusje og vaske deg som normalt. Dersom det kjem sårskorpe over behandlingsområdet bør denne vere i ro til ho fell av. Det kan ta to til fire veker til såret er grodd.
Vår tilråding er at du vernar det behandla området mot sollys det første året. Då kan du dekkje det fysisk med klede eller plaster, eller du kan smørje med solkrem faktor 30-50.
Kontakt
Hudbygget
Hudavdelinga
Oppmøtestad
Du finner oss i Hudbygget på Haukeland universitetssjukehus.Hudbygget
Jonas Lies vei 73