Etter operasjonen vil føflekken/arret, og eventuelt vaktpostlymfeknuten, bli sendt til mikroskopisk undersøking. Du får brev med prøvesvar når dette er klart. Skulle det vise seg at du treng ytterlegare kirurgi, vil du bli kalla inn til ny time.
Etter at du er ferdigbehandla hos oss, er det viktig at fastlegen din, eventuelt hudlegen din, følger deg opp.
Dersom du har føflekkreft, skal du bli undersøkt av hudlege, for å vere sikker på at du ikkje har fleire føflekkar med forandringar. Pass på at du får tilvising til hudlege, enten frå oss eller frå fastlegen din. Hudlege og fastlege skal så bli einige seg imellom om kvar kontrollane skal skje vidare.
Oppfølging etter operasjon
Du bør bruke teip på arret i 3 månader etter operasjonen. Dette for å få eit finast mogleg arr. Denne papirteipen blir skifta ved behov.
Du kan dusje 2–3 dagar etter operasjonen. Dersom ein skal fjerne sting etter operasjonen, blir desse fjerna hos fastlege etter avtale med operatør.