Livmora kan fjernast enten ved
kikholskirurgi (hysterektomi per laparaskopi), open kirurgi (hysterektomi per laparotomi) eller vaginal hysterektomi. Det er vanleg å bruke kikholskirurgi, men nokre gonger må ein bruke open kirurgi. Årsakar til dette kan vere:
- Livmora er for stor til å gjere det via kikhol
- Du har vore operert i magen tidlegare som gjer at det er meir kompliserte forhold
- Om det oppstår komplikasjonar under kikholsoperasjonen som gjer at ein må ha meir oversikt og sjå inn i magen
Det er legen din som avgjer kva slags operasjon som er best for deg.
Operasjonsdagen
Når du kjem til sjukehuset for å bli operert, blir du møtt av ein sjukepleiar som skal gjere deg klar til operasjon. Du får tildelt pasienttøy og ei seng å ligge i medan du ventar på å bli køyrd til operasjon. Sjukepleiaren vil fjerne kjønnshåra slik at det ikkje er hår på operasjonsområdet. Du vil også bli stilt nokre spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar heime er gjort riktig. Etter kvart blir du køyrd til operasjonsavdelinga, og du vil få narkose før operasjonen begynner. Operasjonen tar vanlegvis 1-2 timar.
Under operasjonen
Fjerning av livmor ved kikholsoperasjon
Når livmora blir fjerna med kikholskirurgi, vil du komme deg mykje fortare enn om det blir gjort med open kirurgi.
Operasjonen blir gjort med kikholsteknikk (laparoskopi). Eit laparoskop er eit tynt kamera som blir ført inn via ei lita opning i navlen. Instrumenter på storleik med ei lita fingerbreidde blir handtert via små snitt i huda. Dei indre organa blir undersøkt gjennom laparoskopet. Legen løyser livmora inni magen, og fjernar ho enten gjennom skjeden, eller livmora delast opp og så fjerna via kikhola.
Fjerning av livmor ved open kirurgi
Nokre gonger er det planlagt på førehand at livmora skal fjernast med open kirurgi, medan andre gonger kan det oppstå komplikasjonar under ein kikholsoperasjon som gjer at legane må lage eit snitt i magen for å få meir oversikt.
Dersom det skulle bli nødvendig vil det under operasjonen enten bli laga eit snitt nedst på magen («bikinisnitt») eller på langs frå under navlen og nedover. Det er legen som avgjer kva for snitt du får. Legen løyser livmora inni magen og fjernar ho gjennom snittet på magen.
Fjerning av livmor via skjeden
Når livmora blir fjerna via skjeden utan at ein lagar snitt på magen, kaller vi det ein vaginal hysterektomi. Ved dette inngrepet blir også livmorhalsen fjerna, og du treng ikkje lenger å ta celleprøver.
Under denne operasjonen vil du ligge i gynekologisk leie. Operasjonen vil bli utført i narkose eller med ryggbedøving (spinal anestesi).
Etter operasjonen
Etter operasjonen blir du liggande på oppvakningsavdelinga i nokre timar. Ein lege vil informere deg om korleis operasjonen har gått. Når du er ferdig overvaka, vil du bli flytta til ein sengepost.
Du kan oppleve å vere svimmel og kvalm i starten, og du vil då få tilbod om kvalmestillande. Du vil også få smertestillande jamnleg etter behov. Det er viktig å komme seg på beina raskt etter ein operasjon. Dette vil sjukepleiarane hjelpe deg med. Det blir lagt inn eit blærekateter og eventuelt eit dren under operasjonen. Dette blir som oftast fjerna same dag eller dagen etterpå.
Om du har fjerna livmora ved kikholskirurgi eller via skjeden, er det vanleg å reise heim dagen etter operasjonen. Ved open kirurgi blir ein som oftast på sjukehuset i nokre dagar etter operasjonen.
Komplikasjonar
Alvorlege komplikasjonar er sjeldne, men kan skje ved alle typar operasjonar. Ved open kirurgi kan følgande skje:
- Bløding under eller etter inngrepet
- Infeksjon i blæra, såret eller djupt i magen
- Skade på urinleiar, blære eller tarm (sjeldan)
- Nerveskadar som gir endra kjensle i hud (sjeldan)
- Blodpropp (sjeldan)
- Problem med bedøving (svært sjeldan)