Til forundersøkinga er det sett opp samtale med lege for pasienten og eventuell partnar, og det er viktig at de informerer om eventuell medisinbruk/allergiar. Kvinna skal gjennom ei gynekologisk undersøking og om det er aktuelt å fryse embryo, må partnar levere sædprøve. Om nødvendig vil det bli bestilt og tatt supplerande blodprøver.
Ein sjukepleiar vil fortelje om rutinane på avdelinga og kva som er vanleg behandlingsløp ved assistert befrukting. Under samtalen med sjukepleiaren må de signere ein avtale om assistert befrukting. Hugs å ta med legitimasjon, for det må visast fram i samband med underskrivinga.
Kvinna vil òg få opplæring i bruk av sprøyter som ein skal sette sjølv under behandlinga. Forundersøkinga tar om lag to timar totalt.
Dersom det oppstår medisinske problemstillingar som ikkje var kjent ved forundersøkinga, (t.d. nye medikament) må de ta kontakt med seksjonen for å avklare vidare behandling.
Partner kan velje om han vil ta prøven heime og levere den når de kjem til avdelinga, eller ta den på et eige rom knytt til avdelinga. Om sædprøven blir tatt heime, bør det ikkje gå meir enn ein time før den blir levert på avdelinga, og den må fraktast inntil kroppen for å halde på temperaturen. Før sædprøven blir tatt, bør det ikkje vere meir enn to til tre dagar sidan førre sædavgang.
Behandling
Samtykke til behandling
Før kvar behandling må de signere eit samtykkeskjema. Ha derfor alltid med legitimasjon når de kjem til oss.
Behandlingsprotokoller
Det finnes ulike behandlingsprotokoller i forbindelse med assistert befruktning. Vi skil mellom lang- og kort protokoll. Behandlinga vert tilpassa kvar enkelt kvinne og par. Ved fertilitetsbevaring nyttar ein i dei fleste tilfella ein kort protokoll, der stimulering av eggstokkane blir gitt i form av sprøyter som settast i magen i ca. 10 dagar. Dette gjer du sjølv. Stimuleringa starter vanlegvis 2. menstruasjonsdag i den aktuelle syklusen.
Individuell behandlingsplan
Du vil motta din individuelle behandlingsplan når det er bestemt oppstart av behandlinga. Planen finn du som et sykepleienotat i pasientjournalen din på helsenorge.no.
Reseptar
Reseptane blir sendt elektronisk, og kan hentast ut kostnadsfritt ved Sjukehusapoteket. Reseptane blir aktivert ved personleg frammøte og legitimasjon må visast. Sjukehusapoteket har inne dei ulike medikamenta som brukast i behandlinga. På øvrige apotek må medisinane bestillast minimum 1 veke før start av behandling, og du må sjølv betale for medikamenta og deretter få utgiftene refundert av helseføretaket ved innsending av faktura og kvitteringar. Dersom du vil sjekke om e-reseptane er sendt til deg, eller kva medisin legen har rekvirert, kan du gå inn på www.helsenorge.no og følgje instruksa der. Ring oss dersom noko er uklart.
Det finns fleire videoar med instruksjon for bruk av medikamenta på nettet. Søk på legemiddelet du skal nytta i på
felleskatalogen.no.