Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Fertilitetsbevarande behandling, mann

Ved Fertilitetssenteret er det oppretta ein spermbiobank der sæd / spermiar kan lagrast i frosen tilstand.

Spermbiobanken kan fryse ned og lagre sæd / spermiar frå pasientar som har sjukdom eller som skal gjennomgå behandling som kan redusere eller heilt øydeleggje pasienten sin fertilitet, og pasientar med fråverande eller betydeleg nedsett evne til å levere fersk sædprøve av tilstrekkeleg kvalitet.

Det må vere spermiar til stades i prøvematerialet for at frysing skal verte utført.




Tilvising og vurdering

Det er spesialisthelsetenesta som tilviser til fertilitetsbevaring. Pasientar som treng fertilitetsbevaring er som oftast til behandling i spesialisthelsetenesta. 




Fertilitetssenteret tar i mot tilvisingar frå Haraldsplass diakonale sykehus og internt frå avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. Nokre blir tilvist frå spesialistar ved andre helseføretak.

Informasjon og samtykke ved tilbod om nedfrysing og lagring av spermiar/sæd

Information and consent when offering freezing and storage of sperm / semen

Informasjon og samtykke ved tilbod om nedfrysing og lagring av spermiar/sæd

   Information and consent when offering freezing and storage of sperm / semen

Rettleiing for frysing av pasientsæd

  1. Kontakt Fertilitetssenteret så snart frysing av pasientsæd er avgjort og avtal tid med laboratoriet, telefon 55 97 42 74.   
  2. Send sekundærhenvisning i DIPS til KK, GYN, Assistert befruktning.
    Legg inn ICD-10 kode for årsak til nedfrysing. (ICD-10 koden brukes i årsrapport til Helsedirektoratet)
  3. Ved prøvetidspunktet skal det væra utført analyse av HIV, Hepatitt B (HBs-antigen og HBc-antistoff IgG), Hepatitt C og Syfilis TP. 

    Rekvirer prøvane som analysepakke i DIPS under:
    Mikrobiologi / DONOR CELLER OG VEV / Donor, assistert befruktning.

    Materialet vil bli halde i karantene til virusstatus er avklart. 
  4. Det bør væra minst 2 og ikkje meir enn 7 døgn sidan førre sædavgang.  Dette kan fråvikast dersom det er naudsynt. Det kan bli aktuelt med frysing i fleire omgangar avhengig av kvaliteten på prøven.  Ved fleire prøvar anbefalast ein periode på 2-3 dagar mellom kvar deponering.
  5. Sædprøven blir tatt ved masturbasjon/onani direkte i sterilt plastbeger (Urinprøveglas kan kjøpast på apotek eller hentast ved seksjon for assistert befruktning). Prøveglaset skal væra merka med namn og personnummer. 

    Kondom må ikkje nyttast fordi dei inneheld sæddrepande stoff. 
     
  6. Sædprøven kan avleggjast ved behandlande avdeling, Haukeland Hotell, heime eller ved Fertilitetssenteret, KK, HUS.  Den bør være levert innan 30 minutter etter sædavgang og verta halden ved romtemperatur (nær kroppen/innerlomme).
  7. Ved uttak av biopsiar avtalar kirurgen nærmare framgangsmåte med laboratoriet.
  8. Signert samtykke til langtidslagring av spermiar skal leggjast ved prøven.
  9. Pasienten vil få tilsendt kvittering for innlevert prøve til nedfrysing.
  10. Normal lagringstid er 20 år.
  11. Materialet vil bli destruert ved utgått lagringstid, med mindre søknad om forlenging ligg føre, eller etter skriftlig anmoding frå pasienten.
  12. Lagring av sæd/spermiar gjev ingen automatisk rett til behandling med assistert befruktning. Behandlande lege tar avgjersle om dette etter gjevne retningslinjer i bioteknologilova.
     

Før

Ved tidspunktet for avlevering av prøve skal analyse av HIV, Hepatitt B (HBs-antistoff, HBs-antigen og HBc-antistoff IgG) og Hepatitt C vere utført.  Materialet blir halde i karantene til virusstatus er avklart.

Informasjon og samtykke ved tilbod om nedfrysing og lagring av spermier/sæd må være lest og signert.

Om ønskeleg kan vi setje av tid til å forklare prosedyra og vidare forløp når du kjem til avdelinga. Det vil også vere mogleg å få ein gjennomgang av spørsmål du måtte ha om denne behandlinga. Ta gjerne med deg eventuell partnar eller andre pårørande.




Under

Prøven kan avleggast på avdelinga, men vi anbefaler alle som har moglegheit til det å avlegge prøven heime, då det kan bli noko ventetid.

Sædprøven blir tatt ved masturbasjon / onani direkte i sterilt plastbeger. Eigna prøveglas kan utleverast ved avdelinga eller ein kan kjøpa eit urinprøveglas på apoteket.

Prøveglaset må merkast godt med pasienten sitt namn og personnummer. Kondom må ikkje nyttast då dei inneheld sæddrepande stoff. For å få best mogeleg prøveresultat:

  • Få heile sædmengda på glaset
  • Hald prøven varm under transport ved å oppbevare den nær kroppen
  • Levér prøven innan om lag ein time etter at den er avlagt
  • Ein ideell prøve er avlagt 1-3 dagar etter siste sædavgang




Etter

Normal lagringstid er 20 år.  Prøvemateriale vil automatisk bli destruert ved:

  • Utgått lagringstid, med mindre søknad om forlenging ligg føre.
  • Skriftlig begjæring om destruksjon av sædprøve/tilbakekalling av samtykke.
  • Donors død, med mindre avdødes gjenlevande ektefelle ynskjer å nytte prøven til assistert befruktning og kan dokumentere at dette er i tråd med ynskje til den avdøde.

Ved tilbakekalling av samtykke vil pasienten få kvittering på at prøvematerialet er destruert.

Spermbiobanken har tidligere hatt en lagringstid på 10 år. Endringen av lagringstid til 20 år vil ha tilbakevirkende kraft.

Materialet kan berre nyttast til framtidig behandling med assistert befruktning av ektefelle / sambuar av menn som behandlast for kreft eller menn som av ulike medisinske årsaker har fråverande eller betydeleg nedsett evne til å levere fersk sædprøve av tilstrekkeleg kvalitet.

Tilbod om lagring av sæd/spermiar gjev ingen automatisk rett til behandling med assistert befruktning. Det er behandlande lege ved verksemda som utfører assistert befruktning som avgjer om eit par skal få tilbod om behandling. Dette vert gjort etter gjevne retningslinjer i bioteknologiloven og i samråd med naudsynt spesialkompetanse.

Lagra sæd / spermiar kan berre nyttast til behandling av mannen sin ektefelle eller sambuar.




Kontakt

  • Kontakt Fertilitetssenteret

    Oppmøtestad

    Inngang til Fertilitetssenteret vil fortsatt vere via hovudinngangen i gamle KK-bygget og ned trappa/heisen til underetasjen.
     
    Adresse: Årstadhuset, Jonas Lies vei 72, vis-a-vis Augebygget, like ved Årstad kirke.
     
    Ver rask med tilbakemelding til oss om de ikkje kan nytta tildelt time, slik at vi unngår unødig forlenging av ventetida for andre pasientar. 
     
    Du kan kontakte oss direkte ved å sende ei melding frå «helsekontakter» på helsenorge.no.

    Årstadhuset

    Jonas Lies vei 72

    5021 Bergen

    Transport

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

     

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Fertilitetssenteret​ har gått over til å bruke dialogmeldingar som kommunikasjonsform med pasientar.

    Du loggar deg inn på helsenorge.no og vel «Helsekontakter». Der finn du «Ass.Befruktning» og kan velje «Skriv melding» for å skrive inn spørsmåla dine og sende direkte til seksjonen.

    Meldingen vil besvares så snart som mulig, som oftest innen påfølgende arbeidsdag. Hvis det haster bør du ta kontakt per telefon 55 97 42 00.

    Dersom du ikke er pasient hos oss eller ikke finner oss under «helsekontakter», må du kontakte oss på telefon 55 97 42 00.

    Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

    Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


    Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

    Les meir om innsjekk og betaling

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt Gynekologisk avdeling

    Oppmøtestad

    Glasblokkene, Blokk 6

    Flyfoto av Glasblokkene

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

    Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

    Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted. 


    Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 


    Her vert det lagt inn informasjon om kor dei ulike ventesonene er. 

    For inneliggande pasientar er det fire spisestover i huset. Mattilbodet vil være tilpassa dei pasientane som bur på postane. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispenser og vann/isbitmaskin.

    Det vil også være ein kafé i første etasje. Denne er open både for pasientar, pårørande og tilsette​.

    Det er også sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat. ​

    Vi har besøkstid mellom kl. 17.00-20.00.​

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    ​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

    Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

    Les meir om Vardesenteret

    I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


    Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


    I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


    Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

    Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


    Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.