Epleys manøver
Epleys manøver har som mål å fjerne krystallane frå bakre buegang, slik at dei ikkje lenger gjer deg svimmel.
Krystallsjuke eller benign paroksysmal posisjonsvertigo (BPPV) er ei av dei vanlegaste årsakene til svimmelheit. Sjukdommen er forårsaka av små krystallar av kalkstein i buegangane i det indre øyret. Buegangane har små følerar som registrerer hovudbevegelsar. Når dei blir forstyrra av desse små kalksteinane, blir hjernen lurt til å tru at hovudet dreier rundt. Dette gir korte anfall av svimmelheit ved bestemte hovudbevegelsar.
Tilvising og vurdering
Pasientar med krystallsjuke kan vanlegvis diagnostiserast og få behandling hos fastlegen.
Før
Behandlinga krev inga førebuing.
Under
Behandlinga kan gjennomførast på ein vanleg undersøkingsbenk, stol eller seng. Den kan utførast av fastlege eller spesialist. Nokre fysioterapeutar og kiropraktorar har også trening i å behandle pasientar for krystallsjuke.
For at det skal bli lettare for behandlaren å sjå nystagmus (ufrivillige augebevegelsar), kan du få på deg spesialbrille eller maske med videokamera.
Vanlegvis går behandlinga ut på at du ligg på ein benk med nakken strekt noko bakover. Deretter dreier behandlaren hovudet ditt til ei side, og du må kanskje rulle over på sida før du kan sitte opp igjen.
Det er vanleg med forbigåande svimmelheit under behandlinga.
Det er ofte nødvendig å gjenta manøveren, og dei fleste pasientar blir då mindre svimle.
Diagnostikk og behandling kan utføres i en spesiell rotasjonsstol (biaksial stol) dersom det er vanskelig å utføre de nødvendige manøvrene på en vanlig undersøkelsesbenk.
Etter
Behandlaren vil gi deg råd om kva du skal gjere etter undersøkinga. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt med øvingar du skal gjere heime.
Det kan vere behov for fleire behandlingar. Generelt er det viktig å vere i bevegelse for å trene opp balansen og redusere svimmelheit. Ved behov vil ein fysioterapeut kunne gi råd om balansetrening.
Etter behandlinga kan du vere i aktivitet som vanleg.
Ver merksam
Det er nokså vanleg å få tilbakefall av krystallsjuke. Du kan då trenge ny behandling.
Kontakt
Sentralblokka
Balanselaboratoriet
Oppmøtestad
Når du kommer til Haukeland Universitetssykehus henvender du deg i resepsjonen ved Øre-nese-halspoliklinikken, Klinikk for hode hals, i 2. etasje i Sentralblokken. Du blir der vist vei til riktig venterom.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen