Korleis går sjølve undersøkings føre seg?
- Personen ligg på ein benk eller i ei seng.
- Ein elektrode vert limt på huda si overflate.
- Tynn nål vert stukken i aktuelle musklar og vert halden der både i kvile og under aktivitet, f.eks. ved å strekke ut kneet dersom muskelen framanfor på låret vert undersøkt.
- Graden av ubehag ved undersøkinga heng ofte saman med graden av generell spenning i kroppen.
Singel fiber EMG
Dette er ein svært avansert EMG metode som vert brukt i utgreiing av ein tilstand kor signaloverføringa mellom nerve og muskel ikkje fungerer som den skal (for eksempel Myastenia Gravis). Her vert registrert elektriske signaler frå den einskilde fiberen i muskelen ved hjelp av ei spesialprodusert nål.
Vanlegvis vert muskel på underarmen undersøkt, lukkemuskelen til auga eller muskel i panna. Singel fiber EMG kan anten bli gjort på muskel som blir aktivert voluntært ved å strekke fingre / knipe saman auga / heve panna, eller ved å stimulera aktuelle nervar med svært svak straum gjennom nål-elektrodar.
Undersøkinga vert utført av spesialist i klinisk nevrofysiologi.