Eksponering med responsprevensjon inneber gradvis å bli eksponert/utsetje seg for ein ubehageleg situasjon og gjennom dette lære seg å tolerere angst, kombinert med at den rituelle atferda ikke blir utført, dvs. unngå å utføre tvangshandlingar.
Behandlinga som blir brukt er eksponeringsterapi med responsprevensjon (ERP) i kombinasjon med kognitiv terapi.
Vanlegvis går behandlingsforløpet over 3 månader med inntil 14 behandlingsmøte. Behandlinga blir som regel gitt individuelt, men for å optimalisere behandlinga er det som regel heilt naudsynt med informasjon og deltaking frå føresette/pårørande.
Mellom behandlingstimane, som varer i 45–90 minutt ein til to gongar i veka, vil du få i oppgåve å trene vidare på det du har gjort i timane. OCD-behandlaren vil fungere som ein personleg trenar, og vil gi deg konkret hjelp til å gjennomføre behandlinga på den måten som er mest effektiv og nyttig. Dersom du allereie får behandling for andre lidingar enn tvang, eller det viser seg å vere behov for dette, vil du som regel få oppfølging av ein annan behandlar ved din lokale allmennpoliklinikk i forhold til andre lidingar undervegs eller i etterkant av OCD-behandlinga.