Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kreft i eggstokker, eggleiare eller bukhinne

Eggstokkreft, eggleiar- og bukhinnekreft kan på mange måter sjåast på som same sjukdom, og derfor gjeld same informasjon for dei tre diagnosane. Eggleiarane ligg veldig nært eggstokkene og ein kreft som utvikler seg i eggleiaren kan lett spre seg derfra til eggstokken og/eller bukhinna.

Eggstokkreft er en kreftform som kan være vanskelig å oppdage ettersom symptomene kommer sent og er vage.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Eggstokk- eggleiar- og bukhinnekreft er ei kreftform som kan vere vanskeleg å oppdage ettersom symptoma kjem seint og er ukarakteristiske. Risikoen for å få sjukdommen stig inntil 60-års alderen. Unge kan også bli ramma. Dei vanlegaste behandlingsformene er operasjon og cellegift.

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har mistanke om kreft, blir du tilvist til gynekolog (på sjukehus eller privat) for utgreiing. Når gynekologen har grunngitt mistanke om kreft, blir du tilvist til pakkeforløp. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som organiserer utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider. 

Legen din vil informere deg om kva funn/symptom du har, som gir mistanke om kreft. 




Utredning

Under utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
 
Kva undersøkingar som blir gjort, varierer, og avheng av kva undersøkingar som er utført før du kjem til vidare utgreiing. Vi tar ofte blodprøver og røntgenundersøkingar som ledd i utgreiing. Svar på vevsprøve gir endeleg diagnose.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, gir vi som oftast ei avklaring på om du har kreft eller ikkje, og stiller ei diagnose. Har du ikkje kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.

 Aktuelle undersøkingar 

  • CT av lunger, mage og bekken for å gi informasjon om spreiing av sjukdommen.
  • Dersom det er mistanke om spreiing, tar vi ofte biopsi for å stadfeste spreiinga av sjukdommen.
  • Det kan vere aktuelt å tappe væske frå buken eller lungesekken. Dette kan stadfeste celletype og bidra til stadiuminndeling av sjukdommen.
 

 

Det blir også gjort kartlegging av annan sjukdom som får innverknad når det gjeld gjennomføring av behandling. Det kan for eksempel vere undersøking av hjarte-/lungefunksjon.

For nokre kvinner vil undersøkingane avkrefte mistanke om kreft. 

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​



Behandling

Dersom du har kreft, planlegg vi kva behandling som er best for deg. Ei avgjerd om behandling tar vi i samråd med deg, oftast basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.
 

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

 
For pasientar med eggstokk- eggleiar, eller bukhinnekreft vil behandlinga ofte vere operasjon, cellegift eller strålebehandling aleine eller i kombinasjon. Kva for eit stadium sjukdommen er på, vil avgjere kva behandlingsmetode som blir valt. I nokre tilfelle vil ein operasjon vere nok, men for dei fleste vil det vere eit lengre behandlingsforløp.

Operasjon

I dei fleste tilfelle handlar det om open kirurgi. Nokre gonger blir det gjort kikkholskirurgi. 
 
Som regel fjernar vi eggstokkane, livmora, feittforkledet og lymfeknutar i bekkenet samt lymfeknutar langs hovudpulsåra. Kirurgane vil vidare fjerne synleg tumorvev elles i buken. Det kan også bli aktuelt med tarmkirurgi dersom tumoren har spreidd seg til tarm, og i nokre tilfelle blir det også naudsynt å legge ut tarmen permanent eller midlertidig ved stomi (utlagt tarm). Målet vil vere å fjerne alt synleg tumorvev, eventuelt så mykje som råd dersom det ikkje lar seg gjere å fjerne alt.
 
Ein slik operasjon kan vare frå 90 minutt til 5–6 timar, nokre gonger også lengre. Det vil vere minst to legar som opererer. 
 


Cellegiftbehandling

Nokre gonger er det nødvendig å gi cellegift før operasjonen. Då prøver vi å krympe svulsten slik at den blir lettare å operere bort.
 
Nesten alle får cellegift etter operasjonen, for å fjerne eventuelle svulstrestar som er igjen. Vi gir også cellegift som tilleggsbehandling, sjølv når alt synleg svulstvev er fjerna, for å redusere risiko for tilbakefall. Første kur blir gitt i dei fleste tilfelle 3–4 veker etter open operasjon, ev. raskare ved kikkholsoperasjon.
 
Cellegift er også aktuelt når sjukdommen har spreidd seg til andre stader i kroppen, eller dersom den skulle dukke opp seinare. 
 
Cellegiftbehandling ved eggstokkreft er vanlegvis seks cellegiftkurar med tre veker mellom kvar kur. 
 
 
Eggstokk/eggleiar/bukhinnekreft har ein tendens til å spre seg til bukhinna, noe som lett fører til væskeopphoping i bukhulen (ascites). Mange merker at magen blir stor og får ein generell sprengkjensle. Dette kan bli behandla ved å tappe væska og deretter eventuelt settje cellegift direkte i bukhulen. Ein kan også bruke eit stoff ( Avastin) som hindrer danning av væske.
 



Hormonbehandling
Ulike former for hormonbehandling kan i nokre tilfelle ha gunstig innverknad på sjukdommen og kan bli brukt når cellegiftbehandlinga ikkje har hatt ønskt verknad. 

Lindrande behandling

Ved langtkommen kreft der ein ikkje kan kurere sjukdommen, føreligg det nå ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomførebygging og symptomlindring. Mange pasientar kan leve bra med kreft i årevis, og mange døyr av heilt andre årsaker.



 

Kliniske studiar

2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Når du er ferdigbehandla for eggstokkreft, vil du bli innkalla til jamlege kontrollar:

Dei to første åra: kontroll kvar 3. månad 
Frå det tredje til det femte året: kontroll kvar 6. månad
Etter fem år: årleg kontroll

Kontrollen hos legen går vanlegvis ut på:

samtale med legen
generell undersøking som legg vekt på mage og lymfeknutestasjonar
gynekologisk undersøking
blodprøve (på Ca-125) er vanleg for å oppdage eventuelt tilbakefall
ved mistanke om tilbakefall bestiller gjerne legen CT-undersøking eller gjer ytterlegare utgreiing der det er nødvendig. 

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekke tilbod som kan vere til hjelp for å komme tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og sjukdomsmeistring heilt frå sjukdommen begynner og starten av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med, eller etter, kreftsjukdom med god livskvalitet.





Kontakt

Glasblokkene Gynekologisk avdeling

Kontakt Gynekologisk avdeling

Oppmøtestad

Glasblokkene, Blokk 6

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.