eBehandling for pengespelavhengnad
Ein definisjon på speleavhengnad er at du har mista kontrollen på spelinga og at det dominerer både tankar, kjensler og åtferd. Behandling kan hjelpe deg å akseptere problemet, ta kontroll over spelinga og lære deg å handtere risikosituasjonar. I Noreg er pengespelavhengnad ein diagnose som gir deg rett på behandling i spesialisthelsetenesta. Du kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising.
eBehandling
Behandlinga i eBehandling har same innhald som i behandlinga du ville fått hos ein psykolog. eBehandling som behandlingsmetode er undersøkt i fleire studiar både i Noreg og i utlandet for fleire diagnosar. Metoden som eBehandling bruker heiter «rettleidd internettbehandling» og har vore gjennom ei metodevurdering der forskinga er gjennomgått av Folkehelseinstituttet.
eBehandling for pengespelavhengnad skal utprøvast for første gong i Noreg, og vil i første omgang vere tilgjengeleg i Helse Bergen og i Helse Midt-Norge.
Tilvising og vurdering
Det finst fleire måtar å søke om behandling i eBehandling:
Er du allereie i behandling i poliklinikk ved eit DPS eller i AFR (Avdeling for rusmedisin), ønsker vi at du drøftar tilvising til eBehandling med behandlaren din og søker i samarbeid med han eller henne.
Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be om at legen skriv at du ønsker eBehandling, i tilvisinga. Andre legar eller psykologar kan også vise til eBehandling.
For pasientar i Helse Bergen og Helse Midt-Norge
Du som bur ein stad tilknytta Helse Bergen, eller Helse Midt-Norge, kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Det gjer du ved å trykke på lenka «Søknad om eBehandling» på nettsidene våre. Denne lenka fører deg til helsenorge.no, der du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eBehandling. Du vil få svar når søknaden din om behandling er vurdert.
Svar på tilvising
Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge.no blir varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjord, kva som skjer vidare og om rettane dine. Dersom vi kjem fram til at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du anbefalt å kontakte den som har tilvist deg, eller søke andre behandlingstilbod. Fastlegen din blir i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.
Før
Før behandlinga startar, vil du bli kalla inn til ein time med ein psykolog på AFR – Avdeling for rusmedisin. Denne timen blir gjennomført over video, men kan eventuelt gjennomførast som ein fysisk konsultasjon om ønskeleg.
Sjølve behandlinga får du gjennom ein app som er spesielt utvikla for personar med pengespelavhengnad. Den er utvikla i saman med brukarrepresentantar og helsepersonell i Helse Bergen.
Etter denne timen vil du få ein SMS om korleis du lastar ned appen Poeng, der behandlinga vil gå føre seg.
Under
Behandlinga vil skje gjennom appen, som kan brukast når det passar deg. Du vil få oppfølging av ein terapeut i Avdeling for rusmedisin kvar veke, gjennom ei meldingsteneste i appen.
Innhaldet i appen er basert på kognitiv åtferdsterapi. I kognitiv åtferdsterapi av speleavhengnad lærer du å kjenne samspelet mellom tankar, kjensler og handlingar slik at du kan få kontroll over speleavhengnaden. Det er ei utforskande behandlingsform som tar utgangspunkt i korleis problemet går føre seg for deg. I kva situasjonar er du sårbar for å spele? Kva er det med spel som lokkar deg? Kva kjensler har du prøvd å skape eller fjerne med spelinga?
Behandlinga varer i 12 veker og består av 8 modular. I kvar modul vil du bli introdusert til eit nytt tema i behandlinga og lære gjennom å sjå videoar, høyre ein podkast med andres erfaring og lese om nyttige teknikkar for å handtere spel.
Innhaldet og behandlinga i appen er kvalitetssikra av psykologar med lang erfaring innanfor behandling av pengespelavhengnad. I appen vil du få informasjon og lære om:
- konkrete måtar å avgrense spelinga på
- teknikkar for å handtere spelelyst og påtrengande tankar om spel
- teknikkar for å forstå situasjonar med tap av kontroll slik at du kan motverke dei i framtida
- korleis du kan lage ei personleg oversikt over ditt speleproblem
- korleis du kan finne gode alternativ til speling
- korleis du handterer negative tankar og kjensler, inkludert angst og depresjon
- teknikkar for korleis ein unngår eller handterer tilbakefall
Velkommen til eBehandlingsprogrammet for pengespillavhengighet
Helse Bergen
Introduksjonsfilm om appen
Helse Bergen
Etter
Når behandlinga er fullført, vil du få tilbod om ein avsluttande samtale med behandlaren din. Oppfølginga i programmet blir avslutta, men du vil ha tilgang til alt innhaldet i behandlinga i eitt år. Det vil ikkje lenger vere mogleg å kommunisere med behandlar gjennom appen.
Ver merksam
Nokon kan oppleve sin eigen situasjon så vanskeleg at det kan utløyse tankar om at livet ikkje er verdt å leve, eller om å ta sitt eige liv. Å sjå andre løysingar kan vere vanskeleg. Dersom du opplever det, er det viktig å vite at det er fleire som har det slik. Det er mogleg å få hjelp. Det er viktig at du tar kontakt med nokon som kan hjelpe deg.
Det kan vere:
- lege eller behandlar
- ein familiemedlem eller ein venn
- hjelpelinjer som Mental helse (11 61 23) eller Kirkens SOS (22 40 00 40)
- ved akutt krise, eller fare for liv og helse, ring 113
Kontakt
Engenhuset
Rusmedisin Poliklinikk Engenhuset
Besøkstider
- I dag 08:00 - 15:30

Engenhuset
Håkonsgaten 1
5015 Bergen