HELSENORGE
Fødeavdelinga

Dødfødsel

Når eit barn døyr før fødselen, er det ein av dei største tragediane foreldre kan oppleve. Alle forventingar og planar for ei framtid med det nye familiemedlemmen, blir snudd til sjokk, krise og sorg.

Innleiing

Verdens helseorganisasjon (WHO) definerer dødfødsel som fødsel av barn etter svangerskapsveke 22, kor barnet ikkje viser livsteikn ved fødselen. Barnet pustar ikkje og hjarta har slutta å slå. 

Om barnet blir født før svangerskapsveke 22, definerast det som seinabort. For foreldra kan sorga vere sterk og vond uansett når i svangerskapet barnet døyr og kva som er dødsårsaka.

Landsforeningen uventet barnedød har mykje informasjon, rettleiing og råd til forelder og familiar som opplev å miste sine barn i dødfødsel.

Utgreiing

For å stadfeste at barnet i magen er dødt, blir det alltid gjort ei ultralydundersøking. Lege og jordmor vil då informere mor / foreldra om at barnet er dødt, og legge ein plan for fødselen.

Det kan skje at kvinna ber om at det blir gjort keisarsnitt for å få fødselen raskt overstått. Men keisarsnitt kan vere ein komplisert operasjon når barnet er dødt. Det er akua risiko for å blø, og skal kunn gjerast når det er heilt nødvendig av omsyn til mor si helse. Ein vanleg vaginal fødsel anbefalast.

Behandling

Om ikkje fødselsriene har begynt når mor kjem til fødeavdelinga, vil fødselen bli satt i gang. Nokon ønsker å bli innlagt på fødeavdelinga og få satt i gang fødselen med ein gang dei får vite at barnet er dødt, mens andre treng litt meir tid.

Les meir om
Behandlinga eller undersøkinga gjerast fleire stader
Om mors helse tillater det, kan det vere godt for mor/foreldra å få litt tid frå dei får beskjed om at barnet er dødt, til fødselen settast i gang. Mange vel då å dra heim til familien, barn og/eller nære venner, men har ein avtale om når dei bør kome tilbake til fødeavdelinga.

Fødsel og smertelindring

Under fødselen følges mor/foreldra tett opp av jordmor og lege. Tilsette er der for å gi støtte, omsorg og tilgjengeleg informasjon om kva som skal skje, kva som har skjedd og kva som venter i dagane og tida som kjem. Alle får tilbod om smertelindring under fødselen. Alle blir anbefala epiduralbedøving – når det er tid og moglegheit for å gi denne bedøvinga.

Barnet

Møte med barnet er eit sterkt augeblikk. For mange kan tanken på skulle sjå og halde barnet vere fjernt før barnet er født – men når barnet er født faller det for dei fleste heilt naturleg og både sjå og halde den litle. Erfaringar og tilbakemeldingar frå foreldre som tidligare har opplevd å miste sitt nyfødde barn, viser at det er godt og viktig for det vidare sorgarbeidet å ha hatt ein slik fysisk kontakt med den litle.
Den korte tida mor/foreldra får med barnet sitt brukast til å samle flest mulig minner. Dei fleste foreldre ønsker å vere mest mogleg samen med barnet etter fødselen. Er det mogleg og foreldra ønsker det, kan også familie, søsken og nære venner få møte barnet. 
Foreldra får hjelp av jordmor til å ta bileter og fot-/ handavtrykk av barnet. Jordmor kan også hjelpe foreldra med å kle på barnet. Det kan være fint om barnet får på seg de kleda som var laga eller kjøpt inn til den litle. Sjukehuset har også klede eller tepper som barnet kan få på eller rundt seg.

Støtte og omsorg

Sjukehuspresten er ofte til god hjelp og støtte for foreldre. Sjukehuspresten har mykje kunnskap og erfaring frå arbeid med menneske i krise og sorg.  Presten kan og hjelpe til med å planlegge minnestund og/eller gravferd, uansett om foreldra ønsker gravferd i kyrkja eller ikkje.

Årsak til at barnet døde

Foreldra ønsker alltid ein forklaring på kvifor barnet døyde. Det er det ikkje alltid mogleg å gi noko svar eller forklaring på. Nokre gonger kan årsaken til dødsfallet avdekkast/sjåast når barnet blir født – mens det mange gonger må gjerast ei undersøking av barnet (obduksjon) for å finne årsaken. Foreldra blir alltid spurt og må godkjenne at barnet skal bli obdusert. Uavhengig av obduksjon blir det alltid tatt prøvar av fostervatnet, morkake, huden/nase/munn til barnet. Men sjølv med svar på alle desse undersøkingane – som kan ta fleire veker å få svar på - er det ikkje alltid mogleg å finne årsaken til at barnet døde. 
Det er vanleg at foreldra får tilbod om ein samtale med lege på fødeavdelinga nokre veker/månadar etter fødselen. Legen vil då gå gjennom prøvesvar og eventuelle resultat frå obduksjonsrapporten med foreldra. Det kan i denne samtalen også vere aktuelt å snakke om korleis eit eventuelt nytt svangerskap bør følgast opp.

Oppfølging

Sorgarbeid 

Foreldra kan oppleve og uttrykke sorga veldig ulikt. Nokon ønsker å snakke mykje om barnet og det som har skjedd. Nokon opplev at dei lindrar sorga mest ved å sjå framover og fokusere på dei positive tinga i livet. Det er ikkje noko fasitsvar på kva som er den beste og rette måten å takle sorgarbeidet på. For foreldra er det viktig å vere open og snakke saman om korleis dei har det, og korleis dei best kan støtte og hjelpe kvarandre.

For foreldra tek det som oftast lenger tid å finne tilbake til «kvardagen», enn det gjer for resten av familien og venner. Nokre foreldre kan oppleve dette som sårande, og sorga kan i denne fasen påverke relasjonane til familie og venner. Å fortelle om korleis man har det og kva støtte og hjelp en treng, kan vere vanskeleg for foreldra i denne tida. Spør derfor foreldra direkte om korleis man best kan hjelpe og støtte dei.

Sorggruppe

Mange foreldre har funnet hjelp og trøst i å vere med i ei sorggruppe. Dei fleste sjukehus gir foreldre som har mista barnet sitt tilbod om å delta i ei sorggruppe. Det er jordmødrer som driver sorggruppene. Gruppene møtes regelmessig, ofte ein gong i månaden eller så ofte som gruppa avtalar. Kor lenge ein ønsker å vere med i gruppa bestemm foreldra sjølv.

Sorggruppa er eit sted kor foreldra kan snakke om barnet og det som har skjedd. Det er også eit sted kor foreldra møter andre foreldre som og har mista sitt barn. Foreldra får slik moglegheit til å snakke med eller lytte til andre foreldre sin historier, dele tankar og erfaringar. Tema for samtalane bestemm gruppa sjølv. Tema som foreldre ofte ønsker å snakke om er; kva som skjedde, erfaringar frå sjukehuset, minner, sorga og saknet over tid, reaksjonen til familie og venner, parforholdet, kvinner og menn sørger ulikt, møte med kvardagen og jobben igjen, å sjå framover og ev. ønske om å bli gravid igjen. Foreldre fortel at dei opplev at det er godt å delta i sorggruppe.

Seinabort: Fosterdød før veke 22

Når fosteret døyr uventa før svangerskapsveke 22 er det kalla seinabort. Morkakesvikt eller alvorlege misdanningar kan vere årsak, eller kvinna kan ha hatt stor blødning, for tidleg fostervannsavgang eller infeksjon som også kan sette i gang fødsel/senabort.  Skjer det tidleg i svangerskapet opplev ikkje alltid foreldre same støtte frå omgivnadane som når barnet døyr mot slutten av svangerskapet. Men for foreldra kan sorga vere like sterk uansett når i svangerskapet barnet døyr.

Foreldre som ønsker hjelp til å takle sorgarbeidet bør snakke med jordmoren eller legen på sjukehuset, fastlege/kommune jordmor, eller kontakte Stiftelsen Amathea (www.amathea.no), tlf.: 90 65 90 60.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøkstid

Gi mor, partnar og dei nyfødde barna ro

Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og at mor har nok tid og ro til å komme i gang med amminga.

Besøk dei første dagane på klinikken er av den grunn avgrensa til partnar / den eine næraste pårørande. Den første tida heime bør og avgrensast til dei aller næraste.

Partnar / den eine næraste pårørande er velkomen til å vere til stades i barseltida på dagtid kl. 09.00-21.00. 

Friske søsken til barnet er velkomne dagleg kl. 17.00-18.00.

Andre pårørande må vente med å kome på besøk til etter heimreise.

Ved lang liggetid eller andre spesielle hensyn legg vi til rette for meir besøk. 

Partnar som bur på familierom eller et måltider på barselavdelinga saman med mor, betalar for dette ved heimreise. 

Les meir om barseltid

Følge på Kvinneklinikken for gravide som skal føde

I takt med at samfunnet no åpner opp, vil også Fødeavdelinga gå tilbake til ein meir familievennleg barseltid. Her er kort oppdatert informasjon til deg som ventar barn.

Hugs god handhygiene!

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?