Behandlinga blir gjennomført både i grupper og individuelt, og både du og foreldre/føresette vil delta i behandlinga. I behandlinga jobbar vi med følelseregulering, merksemd, relasjonar og å «halde ut» når du har det vanskeleg. Vi arbeider spesielt med tankar og strategiar knytt til sjølvmord og sjølvskading.
Vanlegvis har du 1 time individuell terapi og 2 timar med gruppeterapi i veka.
Mellom timane kan du avtale telefonkonsultasjonar dersom det er behov for det.
Du må rekne med å bruke ca. eit halvt år på å gjennomføre denne behandlinga.