Depresjon - veileda internettbehandling

eMeistring

eMeistring er veileda internettbehandling for sosial angst, panikkangst og depresjon. Behandlinga bygger på kognitiv atferdsterapi, som har vist seg å være effektiv behandling av depresjon og angstlidingar.

Innleiing

Behandlinga i eMeistring er modulbasert og varer opp til 14 veker. Kvar veke får du oppfølging frå ein behandlar via internett som rettleiar deg i behandlinga. Når vi er deprimert er det lett for å havne i en ond sirkel der mindre aktivitet fører til mindre energi og glede, som så fører til mindre aktivitet og så videre. Ein viktig del av behandlinga er å komme i gang med aktivitet. Du skal kjempe imot det som kjennes tungt og vanskelig akkurat nå, og finne frem til det som gir deg energi og er bra for deg i lengden.

eMeistring-behandlinga består av skriftleg informasjon og øvingar. Du lurer sikkert på om det er mulig å bli kvitt depresjonen din berre ved å lese ein tekst. Programmet er prøvd ut i Norge og Sverige med svært gode resultat. Og betringa varer over tid. Etter avslutta behandling har deltakarar blitt fulgt opp i inntil to år, og dei gode resultata held seg fortsatt! Ein av grunnane til at effekten varer så lenge, er at dette er eit program som er basert på læring og øvingar. Når vi har lært oss noe, blir det ein naturleg del av reaksjonane våre, og vi bærer lærdommen med oss og kan bruke den også etter at behandlinga er avslutta. I tillegg til at behandlinga hjelper seier også dei aller fleste at dei er nøgd med denne typen behandling og at dei synast det er den riktige behandlinga for sine plager.

For å oppnå resultat av behandlinga er det altså ikkje nok å bare lese teksten i modulane. Det er mengda tid og krefter du legg i arbeidet med programmet som har mest å seie for kor vellukka behandlinga blir. Det er viktig at du verkeleg investerer tid og krefter i øvingane, og at du øver jevnt og trutt. Jo meir tid du bruker på eMestring.no, desto større utbytte får du av programmet. Dette krev naturligvis at du er motivert.

Kva er depresjon?

Det er normalt å være trist frå tid til annan, men depresjon er meir enn å føle seg ulykkelig. Når du er deprimert varer det lave stemningsleiet over tid. Det påverkar også søvn, forholdet til andre, jobb og matlyst. Depresjon er veldig vanlig og rammer ca. 17 % av befolkninga på eit eller anna tidspunkt i livet. Hovudsymptoma på depresjon er tristhet mesteparten av tida, nedsett interesse for ting du likar til vanleg, mindre initiativ og følelsen av å være veldig trøtt. Hvis du er deprimert, har du i tillegg hatt nokre av desse symptoma mesteparten av tida, i minst to veker:

  • Problem med å sove, eller for mye søvn
  • Vanskar med å konsentrere deg eller å ta avgjersler
  • Låg sjølvtillit
  • Enten lite matlyst eller økt appetitt
  • Grunnlaus skyldfølelse
  • Følelse av å være enten "giret" eller at alt går sakte
  • Sjølvmordstankar
  • Irritasjon
  • Engstelighet

Før

Før du kan logge deg på i eMeistring må du komme til ein utgreiingsamtale ansikt-til-ansikt. I denne samtalen vil vi fortelje om behandlinga og du kan kome med spørsmål.

Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eMeistringprogramma nyttar pasient og behandlar sikkerheitsnivå 4 for å logge seg på. Sikkerheitsnivå 4 er meint for sikring av sensitiv informasjon, det høgaste nivå vi har i Norge i dag.

Sikkerheitsnivå 4 er definert av norske myndigheter og vert forvalta av Post- og Teletilsynet. Innlogging til eMeistringprogramma med sikkerheitsnivå 4 skjer via BankID og Buypass.

Ta kontakt med banken din for å bestille BankID. Buypasskort kan du bestille saman med din behandlar i eMeistring.



Har du spørsmål om sikkerhet eller anna tilknytta eMeistringprogramma ta kontakt med oss på epost emeistring@helse-bergen.no eller tlf. 55 95 71 79.

Under

Behandlinga er modulbasert og varer opp til 14 veker. Kvar veke får du oppfølging frå ein behandlar via internett som rettleiar deg i behandlinga. eMeistring inneheld det same som du hadde mottatt dersom du fekk behandling hos ein behandlar.

Programmet består av 8 modular, og vi tilrår at du bruker 3-7 dagar på kvar modul. Modulane er lagt opp slik: Først les du igjennom teksten. Så svarar du på spørsmål og gjennomfører øvingar som er knytt til det du les. Kvar veke vil du også ha kontakt med din behandlar. Å bruke meir enn 7 dagar på ein modul fører ofte til at arbeidet med behandlinga stoppar opp, og det er tungt å komme i gang igjen. Du mottar neste modul når du er ferdig med den forrige. Du får en SMS når din behandlar har gitt deg tilgang til neste modul.

Det kan innimellom være vanskeleg å motivere seg for å følge behandlinga. Sjå om du i staden kan bruke noko av tida du brukar på å kjempe mot depresjonen til behandling. Å bruke tida på behandlingsopplegget gir dessutan ny energi!

Når merkar eg effekt? Det varierer frå person til person når dei opplever effekt. Nokon opplever effekt etter dei første øvingane, mens andre opplever effekt når dei har fullført behandlinga. Dersom du har effekt etter dei første øvingane, anbefaler vi likevel at du fullfører behandlinga. Dette for å hindre tilbakefall. Mange opplever effekt mot slutten av behandlinga eller etter behandlingslutt. Det er dermed viktig å ikkje gi opp underveis, men å fullføre behandlinga.

Når ein er deprimert er det lett å havne i ein vond sirkel der mindre aktivitet gjev deg mindre energi og glede, som igjen fører til mindre aktivitet og så vidare. For å få det betre treng ein å bryte denne sirkelen. Det gjer ein enklast ved å gjere meir av det som gjer ein godt, sjølv om det ikkje kjennast rett der og då.

Gjennom behandlinga i eMeistring skal du få lære korleis du kan bryte denne vonde sirkelen og skape ein betre kvardag.

Det er flott om du har mogelegheit til å få med deg ein person som kan støtte deg i løpet av behandlinga - dette kan hjelpe deg framover om du slit med motivasjonen undervegs. La gjerne denne personen få lese modulane og gjennom det få vite kva du held på med.




Du kan lese meir om tilbodet vårt på vår heimeside www.emeistring.no

Her kan du også lese 1. modul i kvart av behandlingsprogramma våre - desse finn du under fanen Behandlingsprogramma.

Etter

Når du har fullført behandlinga vil du avslutte kontakten med din terapeut. Terapeuten vil kalle deg inn til ein avsluttande ansikt-til-ansiktsamtale der de saman summerer opp arbeidet som er gjort. Du vil i 6 månader ha tilgang til all tekst og oppgåvene dine i programmet.

Kontaktinformasjon

eMeistring
Oppmøte

Bjørgvin DPS
Tertnesveien 37, Bygg B 
5113 Tertnes

Buss: nr. 30, 30E og 39. Parkering Tertnes: Parkeringsoblat må hentes i resepsjonen på Tertnes DPS.

Telefon
55 95 71 79
måndag - fredag 08.30-15.00
E-post
Tertnesveien 37
Besøksadresse
Tertnesveien 37(Kart)

Parkering

​​​Det er gratis parkering for pasientar, pårørande og tilsette like ved lokala våre på Tertnes. Parkeringsoblat må hentes i resepsjonen på Tertnes DPS.

Praktisk informasjon

Mattilbod

​Alle er velkommen til kantina vår i Bygg B. 
Opningstider måndag - fredag klokken 10.30 til 13.00.
Fann du det du leita etter?