Behandling

Depresjon - veileda internettbehandling

Depresjon er ein av dei vanlegaste psykiske lidingane. Den er kjenneteikna ved sterk og vedvarande nedstemthet, mindre interesse for og glede av ting ein vanlegvis likar og energitap som går ut over fungering i kvardagen. Andre symptom på depresjon er problem med å sove, eller for mykje søvn, vanskar med å konsentrere seg eller å ta avgjersler, låg sjølvtillit, anten lite matlyst eller auka appetitt, grunnlaus skuldkjensle, kjensle av å være enten «gira» eller at alt går sakte, sjølvmordstankar, irritasjon, tendensar til å engste seg.

Ein vil kunne oppleve ulike kombinasjonar av desse symptoma, og det vil også variere kor mange plager ein har. Styrken varierar frå milde symptom til alvorleg depresjon med sjølvmordsfare, noko som vil ha betydning for hjelpetiltak. eMeistring behandlar mild og moderat depresjon.

Depresjon har god prognose og dei fleste vert heilt friske. Dei mest brukte psykologiske metodane i behandling av depresjon hjå vaksne er psykodynamisk terapi, kognitiv terapi og interpersonleg terapi. 

Les meir om depresjon på kognitiv.no

eMeistring behandlar depresjon med kognitiv atferdsterapi. Denne terapiforma tek utgangspunkt i situasjonen her og nå, og har som mål at den som er i terapi skal lære kva som skapar depresjon og korleis ein kan bryte ut av den. Dette vert gjort gjennom arbeid med tankane våre og korleis vi handlar i kvardagen.

Les meir om kognitiv atferdsterapi på kognitiv.no

Behandlinga i eMeistring føregår via internett. I staden for å møte opp for å motta terapi ansikt til ansikt ved ditt lokale distriktspsykiatriske senter (DPS), kan du som går i behandling logge deg inn på våre nettsider når og kvar det passar. Alle som mottar behandling i eMeistring får oppfølging av en terapeut vekentleg. Oppfølginga skjer skriftleg i behandlingsprogrammet.

Behandling for depresjon i eMeistring varer i 14 veker, og består av 8 delar. Kvar del inneheld lesestoff, øvingar og spørjeskjema.

Lesestoffet gjev informasjon om korleis det å være deprimert påverkar oss, og kva vi kan gjere for å bryte ut av depresjonen. 

Øvingane hjelp den som mottek behandling å finne fram til kva som er nyttig for seg sjølv, og gjev opplæring i teknikkar som ein trenar på gjennom behandlinga.

Spørjeskjemaene måler symptom på depresjon, og vert brukt for å sikre at behandlinga fungerar.

Behandlinga i eMeistring har same innhold som kognitiv atferdsterapi gitt ansikt til ansikt. Behandlinga er undersøkt i fleire studiar både i Noreg og i utlandet. Metoden eMeistring nyttar kallast “veileda internettbehandling” og har vore gjennom ein metodevurdering kor den samla forskninga er gjennomgått av Folkehelseinstituttet.

Tilvising og vurdering

Det er fleire måtar å søke om behandling i eMeistring:

  • Er du allereie i behandling i poliklinikk ved ditt lokale DPS ynskjer vi at du drøfter tilvisning til eMeistring med din behandlar og søker i samarbeid med han eller ho.
  • Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be om at legen skriv at du ynskjer eMeistring i tilvisinga. Andre legar eller psykologar kan også tilvise til eMeistring.

For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:

Du som bur ein stad tilknytta Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger eller Nidaros DPS kan ta direkte kontakt med eMeistring utan tilvising. Dette gjer du ved å trykke på linken Søknad om eMeistring på våre heimesider. Denne linken fører deg til helsenorge.no kor du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eMeistring. Du vil motta svar når søknaden din om behandling er vurdert.

Svar på henvisning

Du får svar frå eMeistring i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge vert varsla med SMS til din telefon. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjort, kva som skjer vidare og om dine rettar. Dersom vi vurderar at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du anbefalt å kontakte den som har tilvist deg, eller søke andre behandlingstilbod. Fastlegen din vert i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.

Tilvisinga må innehalde følgande opplysningar:

  • Pasientdata
    Navn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer.
  • Vurdering av rett til helsehjelp
    Informasjon om vurdering av rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta når det er føretatt (kven har vurdert, datoar, fristar, innfridde fristar).
  • Tilhøyrande DPS
    Kva for eit DPS/poliklinikk er pasienten tilhøyrande? eMeistring treng kontaktinfo i tilfelle behov for kontakt ved akutte høve.
  • Tilvisingsdiagnose
    Hoveddiagnose og evt. bidiagnose. Dersom eMeistring skal gi eit tilbod må pasienten sitt hovudproblem være sosial angst, panikkliding med/utan agorafobi eller lett til moderat depresjon.
  • Bakgrunn
    Oppvekstforhold, familieforhold og nettverk, omsorgsansvar for barn eller andre, sivilstatus, buforhald, arbeid, trygd, individuell plan.
    Sjekk spesielt ut om pasienten har lese- og/eller skrivevanskar, om h*n kan forstå norsk på eit god nivå, og om h*n har tilgang til internett.
  • Psykiatrisk sjukehistorie
    Tidlegare betydningsfulle symptom og problem, tidlegare diagnosar, tidlegare behandling og utbytte av denne. Har pasienten erfaring med bruk av sjølvhjelp frå tidligare?
  • Aktuelt
    Aktuelle problem som pasienten søker behandling for (debut, årsaksforhold, symptom, behandling, forløp, betydning for funksjon, livskvalitet), herunder opplysningar omkring evt. rusproblematikk, suicidalitet og voldsrisiko. Angi pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.
  • Relevant somatisk problematikk
    Føreligg det ustabile og/eller uavklarte somatiske tilstander?
    Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjerterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreineleg med behandlinga for panikkliding.
  • Medikamentbruk
    Preparatnamn, formulering, styrke, dosering.
    Her bør det spesielt verte angitt kor lenge pasienten har stått på aktuell psykofarmaka og evt. bruk av B-preparat. Jevnleg bruk av B-preparat gjer behandling i eMeistring kontraindisert. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Pasienten må kunne motiverast for eksponering for frykta situasjonar utan medikamentell støtte, og h*n må tåle symptomtrykket som følgjer av kontinuerlig eksponering. Stabil medisinering (same dose dei siste 4 vekene) med anna psykofarmaka er uproblematisk saman med eMeistring.
  • Vurdering med grunngjeving for tilvising
    Diagnose, sjølvmordsrisiko, problemforståing, prognose.
    Angje pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.

eMeistring eignar seg ikkje for personar med:

  • Moderat til høg suicidalfare, der behovet for ivaretaking og tilsyn fører til at behandling over internett ikkje er tilstrekkeleg. Dette utelukkar også personar som nylig har gjennomført suicidforsøk.
  • Psykoseproblematikk. Dersom pasienten har fungert stabilt utan pågåande psykotiske symptom over tid, og har ein behandlingskontakt i spesialisthelsetenesta som kan ivareta og følgje h*n opp ved behov kan ein motta behandling i eMeistring for komorbid panikkangst, sosial angst eller mild til moderat depresjon.
  • Ubehandla alkohol- eller narkotikaproblematikk, eller medikamentavhengigheit som kan utgjere eit hinder for behandling.
  • Nylig oppstarta eller endring av dose psykofarmakabehandling. Effekt av medikamentet bør først evaluerast. Pasienten må ha stått på stabil dose 4 veker før oppstart eMeistring. 
  • Jevnleg bruk av B-preparat. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Kontakt eMeistring dersom du ynskjer å diskutere unntak.
  • Ustabil og/eller uavklart somatisk tilstand. Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjarterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreinleg med behandlinga for panikkliding.
  • Alvorleg depresjon (MADRS ≥ 35)
  • Bipolar depresjon. Det er ikkje funne evidens for effekt av behandlingsprogrammet for depresjon for personar med bipolar depresjon. Personar med godt regulert bipolar liding kan ha nytte av og få behandling for komorbid panikkliding eller sosial angst.
  • Lav motivasjon eller annan funksjonspåverknad (f.eks. høg initiativløyse eller konsentrasjonsvanskar) som gjer det vanskeleg å gjennomføre internettbehandling, som krev høg grad av ansvarstaking. Ustabile eller vanskelege ytre forhold, for eksempel livskriser, kan også gje nedsett funksjon og vanskar med å følgje opp behandling over internett.
  • Personar med lese- og/eller skrivevanskar, inklusivt vanskar med det norske språk, kan ha utfordringar med å gjennomføre programmet grunna store mengder tekst og skriveoppgåver ein skal gjennom.
  • Bustad utanfor Norge.
  • Forventa lengre fråvær enn 2 veker i løpet av behandlingstida.
  • Komorbiditet som erfaringsmessig kan vanskeleggjere rettleia internettbehandling er: GAD, hypokondri, PTSD og engsteleg/ unnvikande personlighetsforstyrring.

eMeistring er eit behandlingstilbod for pasientar i Helse Vest, og vi held til ved Bjørgvin DPS på Tertnes. Vi tek også imot pasientar frå andre helseregionar, men vi gjer merksam på at pasientar utanfrå Helse Vest berre vil få eit tilbod ved ledig kapasitet i eMeistring.

Frå andre regionar enn Helse Vest må tilvisinga gå via spesialisthelsetenesta. Pasienten må utgreiast lokalt og ha fått diagnose panikkliding, sosial angst eller moderat depresjon, før tilvisinga sendast til eMeistring.

Tilvisingar vert tekne imot per brev eller som elektronisk tilvising.

Adresse:

Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
eMeistring
Postboks 1400
5021 Bergen

Ring oss gjerne på telefon 55 95 71 79 dersom du har spørsmål om tilvisingar til eMeistring

  • eMeistring vurderar om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp dersom tilvisinga ikkje kjem frå spesialisthelsetenesta.
  • Pasientar som ut frå tilvising verkar å kunne være aktuelle for behandling vil som hovudregel få tilbod om ein vurderingssamtale hjå eMeistring innan 2-3 veker. eMeistring held til ved Bjørgvin DPS på Tertnes. Pasientane må møte her for vurderingssamtale(r).
  • eMeistring har ikkje akuttilbod. Dersom det skulle oppstå auka risiko for sjølvmord eller mistanke om utvikling av alvorlig psykisk liding hjå pasientar under behandlinga i eMeistring er det den lokale spesialisthelsetenesta som er ansvarleg for å ivareta pasienten. eMeistring må på førehand ha fått kontaktinformasjon til lokal DPS. Ved behov for vurdering av sjølvmordsfare eller utvikling av alvorleg psykisk liding vil eMeistring ta kontakt med pasienten sitt lokale DPS og tilvise til akuttvurdering der.


Før

Dersom vi vurderar at du kan ha nytte av eit behandlingstilbud hjå eMeistring, vil du bli innkalt til ein vurderingstime. Som standard vert denne timen gjennomført ansikt til ansikt, men det er også mogleg å gjennomføre timen som videokonsultasjon. Du får meir informasjon om dette i svarbrevet. 

Målet med vurderingstimen er å gjennomføre ei utgreiing av vanskane dine, og å gje informasjon om behandlinga. Utgreiing er ein del av all behandling i spesialisthelsetenesta og innebærer ei kartlegging av symptoma dine, viktige livshendingar og livssituasjonen din i dag. Utgreiinga vert gjort for å sikre at dei menneska som ønsker hjelp får ei behandling som passar.

Før vurderingstime

Før du møter til vurderingstime anbefalar vi at du besøker sjukehuset sine nettsider for å lære meir om eMeistring. Den første delen av behandlinga eMeistring tilbyr er tilgjengeleg for alle, og vil gje deg eit godt inntrykk av om behandlinga passer for deg. Vi anbefalar deg å lese denne før vurderingssamtalen.

Fleire av sjukehusa som tilbyr eMeistring nyttar også ei «pre-kartlegging» via internett før du møter til vurderingstimen. Om dette er aktuelt for deg vil du motta informasjon om denne og ein SMS med link til kartlegginga ca éi veke før vurderingstimen.

I vurderingstimen

I vurderingstimen vil du bli møtt av ein behandlar i eMeistring. Behandlaren vil stille deg spørsmål om vanskane dine og livet ditt for å best mogleg forstå korleis vanskane dine artar seg. Du kan stille spørsmål om behandlinga og de vil saman vurdere kva som er den beste løysinga for deg.


Har du spørsmål om sikkerhet eller anna tilknytta eMeistringprogramma ta kontakt med oss på epost emeistring@helse-bergen.no eller tlf. 55 95 71 79.

Under

Dersom vi vurderer at tilbodet eignar seg for deg, får du tilsendt innloggingsinformasjon til vår behandlingsplattform på nett, slik at du kan starte behandling i eMeistring. Du loggar deg på behandlinga med BankId.

Arbeidet i eMeistring er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren din når det passar for deg, og saman arbeidar de om å finne dei beste tiltaka for deg.

I eMeistring arbeider du saman med behandlaren din via tekst. Det betyr at du skriv ned korleis det har gått med ulike øvingar og sender dine refleksjonar og spørsmål til behandlaren din. Behandlaren les gjennom og sender deg tilbakemelding og veiledar deg gjennom behandlingsprogrammet. Oppfølginga frå behandler skal hjelpe deg ved å gi støtte i vanskelige situasjonar, motivasjon i arbeidet, og til å finne gode løysingar som passar din situasjon. Behandlaren vil også hjelpe deg med å skape framgang i arbeidet og utforske korleis du møter hverdagen din. Dette kan innebære at du får konstruktive tilbakemeldinger om korleis du kan møte vanskane dine på nye måtar, slik at du kan få enda meir ut av øvingane og sikrar at du får mest mogleg ut av behandlinga. 

Den terapeutiske alliansen er avgjerande for ein god effekt av behandlinga. I dette omgrepet ligg opplevinga av at du og din behandlar er einig om målet med behandlinga, korleis de skal nå dette målet, og at du føler deg sett, respektert, forstått og støtta. Forsking har gjentatte gongar vist at dess sterkare den terapeutiske alliansen er, dess betre er utfallet av behandlinga. I eMeistring er vi opptatt av å skape ein god og sterk allianse, sjølv om den ikkje foregår i det tradisjonelle terapirommet. Vi verner om å skape gode, forutsigbare og validerande rammer, som kan vere medverkande til at du tek ei aktiv rolle i behandlingsprogrammet og kan føle deg trygg på å sette ord på det som er vanskelig, det du har lyst å unngå og be om hjelp til det du trenge støtte til. Dess meir åpen og deltakande du er, dess større sjanse for at din terapeut kan sjå og forstå og imøtekome dine behov innan dei rammene behandlinga set.

Vår erfaring viser at dei som inkluderar sine næraste i behandlinga, kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane, særleg dersom ein opplever motløyse eller dalande motivasjon. Det kan difor være ei god hjelp å fortelje og å vise kva du arbeider med i behandlinga til dine pårørande eller ein nær ven.

Den viktigaste delen av behandlinga er øvingane og treninga på desse. Dette arbeidet skjer ikkje inne på nettsidene til eMeistring, men i kvardagen din. Øvingane kan verte tilpassa dine vanskar og har som mål at du lærer nye måtar å møte vanskelege situasjonar på. For å få mest mogleg ut av behandlinga er det jevn trening på øvingane som gjeld. Vi anbefalar at du brukar øvingane og teknikkane du lærer minst éin time kvar dag.

Behandlinga for depresjon inneheld desse delane:

  1. Lære om depresjon og behandlinga
  2. Å kome i gang med aktivitetar
  3. Å få balanse i kvardagen
  4. Å meistre kvardagen
  5. Å oppdage negative tankar
  6. Å arbeide med tankane
  7. Å håndtere søvnvanskar
  8. Å planlegge framtida

Du kan lese meir om tilbodet vårt på vår heimeside www.emeistring.no

Her kan du også lese 1. modul i kvart av behandlingsprogramma våre - desse finn du under fanen Behandlingsprogramma.

Etter

Når behandlinga er fullført vil du få tilbod om ein samtale med din behandlar. Oppfølginga i programmet vert avslutta, men du vil ha tilgang til alt innholdet i behandlinga i 6 måneder. Du kan laste ned og skrive ut innholdet om du ynskjer.

Kontakt

Tertnesveien 37 eBehandling

Kontakt eBehandling

Oppmøtestad

Bjørgvin DPS
Tertnesveien 37, Bygg B 
5113 Tertnes

Buss: nr. 30, 30E og 39. Parkering Tertnes: Parkeringsoblat må hentes i resepsjonen på Tertnes DPS.

Tertnesveien 37

Tertnesveien 37

Transport

​​​Det er gratis parkering for pasientar, pårørande og tilsette like ved lokala våre på Tertnes. Parkeringsoblat må hentes i resepsjonen på Tertnes DPS.

Praktisk informasjon

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​Alle er velkommen til kantina vår i Bygg B. 
Opningstider måndag - fredag klokken 10.30 til 13.00.