Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

eBehandling

Depresjon - veileda internettbehandling

Depresjon er ein av dei vanlegaste psykiske lidingane. Den er kjenneteikna ved sterk og vedvarande nedstemtheit. Depresesjon gjer ein mindre interesse i ting ein vanlegvis likar og har glede av glede av. Det fører gjerne til energitap, som gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen.

Kva er eBehandling?

I eBehandling får du tilgang til eit kunnskapsbasert behandlingsprogram via PC, nettbrett eller mobil, samstundes som du blir følgt opp av ein behandlar i spesialisthelsetenesta. Dette er ein form for  internettbehandling med fagleg rettleiing.

Les meir om eBehandling på helsenorge.no

Innhaldet i eBehandling for depresjon

Hendene til en person som bruker en bærbar datamaskin, og skjermen med bilder fra eBehandlingsprogrammet
Programmet for eBehandling

 

Programmet er basert på kognitiv åtferdsterapi, ei terapiform som fokuserer på korleis tankar og handlingar påverkar korleis vi har det. Målet er å gi deg innsikt i kva som bidrar til depresjon, og korleis du kan jobbe deg ut av den. Du lærer å kjenne igjen og endre tankemønster, og å endre korleis du kan handle for få det betre.

Innhaldet i eBehandling er mykje av det samme som du får ved behandling ansikt- til- ansikt. Forsking viser at denne typen behandling kan vere like effektiv.

Tilvising og vurdering

Korleis få tilbod om eBehandling for depresjon?

  • Er du allereie i behandling ved ditt lokale DPS, ønsker vi at du søker i samråd med behandlaren din.
  • Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be legen om å skrive i tilvisinga at du ønsker eBehandling. Andre legar eller psykologar kan òg tilvise.

I nokre delar av Noreg kan du søkje om eBehandling via Helsenorge (scroll ned til nederst på siden)

Svar på tilvising

Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svaret på helsenorge blir varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjort, kva som skjer vidare, og om rettane dine.

Før

Dersom vi kjem fram til at du kan ha nytte av eBehandling, vil du bli kalla til ein vurderingssamtale. Timen kan gjennomførast som videokonsultasjon eller som eit møte ansikt til ansikt.  Du får meir informasjon om dette i svarbrevet.

Før vurderingssamtalen rår vi deg til å lese første kapittel av eBehandling depresjon.

I vurderingssamtalen

Du vil møte ein behandlar frå eBehandling. Saman med deg vil behandlar kartlegge vanskane dine og livssituasjonen din. Du kan også  stille spørsmål om ebehandlinga. Saman vil de vurdere om eBehandling vil vere eit godt tilbod for deg.


Har du spørsmål om sikkerhet eller anna tilknytta eBehandlingsprogramma ta kontakt med oss på epost eBehandling@helse-bergen.no eller tlf. 56 34 32 50  

Under

Behandlinga

Dersom de kjem fram til at tilbodet eignar seg for deg, kan du starte behandling samme dag.  Du vil få tilsendt informasjon om innlogging, og du loggar deg inn på ebehandlinga med din BankID.

eBehandlinga er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Den viktigaste delen av behandlinga er å trene på øvingane du får. Øvingane skjer ikkje inne i det digitale programmet, men er oppgåver du skal trene på  i kvardagen din.

Behandlinga for depresjon inneheld:

  • informasjon om depresjon
  • korleis komme igang med nye rutinar i kvardagen
  • korleis handtere negative tankar
  • utfordringar med å kome igang med nye rutinar
  • om angst
  • korleis handtere stress i livet
  • om einsemd og sjølvkjensle
  • Korleis vedlikehalde endring og legge ein plan for framtida
Bilde av skjermen til appen for eBehandling

 

Samarbeid med din behandlar

Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom skriftlege meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren når det passar for deg – til dømes om korleis det har gått med øvingane, kva du har tenkt på,  og du kan stille spørsmål.

Behandlaren din vil lese det du skriv, gje deg tilbakemeldingar, og støtte deg i arbeidet med behandlinga. Målet er at de saman jobbar mot det som er viktig for deg, og at du får hjelp til å nå dine mål.

 

 

Bilde av skjermen til appen for eBehandling

 

 

Ta med dine næraste

Det kan  vere til  god hjelp for deg  å fortelje, og gjerne vise dine næraste, kva du arbeider med i behandlinga. Vår erfaring er at dei som lar pårørande eller ein nær ven ta del behandlinga, kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane.

Du kan lese meir om tilbodet vårt på vår heimeside. eBehandling

Her kan du også lese 1. modul i kvart av behandlingsprogramma våre - desse finn du under fanen Behandlingsprogramma.

Etter

Når behandlinga er gjennomført vil du få tilbod om ein samtale med behandlaren din. Etter dette møtet blir behandlinga avslutta, men du vil ha lesetilgang til alt innhaldet i 6 månader.

Sist faglig oppdatert 14.11.2025

Kontakt

Møllendalsbakken 9 eBehandling

Kontakt eBehandling

Oppmøtestad

3. etasje i Møllendalsbakken 9

Møllendalsbakken 9

Møllendalsbakken 9

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.