Behandlinga i eMeistring er modulbasert og varer opp til 14 veker. Kvar veke får du oppfølging frå ein behandlar via internett som rettleiar deg i behandlinga. Når vi er deprimert er det lett for å havne i en ond sirkel der mindre aktivitet fører til mindre energi og glede, som så fører til mindre aktivitet og så videre. Ein viktig del av behandlinga er å komme i gang med aktivitet. Du skal kjempe imot det som kjennes tungt og vanskelig akkurat nå, og finne frem til det som gir deg energi og er bra for deg i lengden.
eMeistring-behandlinga består av skriftleg informasjon og øvingar. Du lurer sikkert på om det er mulig å bli kvitt depresjonen din berre ved å lese ein tekst. Programmet er prøvd ut i Norge og Sverige med svært gode resultat. Og betringa varer over tid. Etter avslutta behandling har deltakarar blitt fulgt opp i inntil to år, og dei gode resultata held seg fortsatt! Ein av grunnane til at effekten varer så lenge, er at dette er eit program som er basert på læring og øvingar. Når vi har lært oss noe, blir det ein naturleg del av reaksjonane våre, og vi bærer lærdommen med oss og kan bruke den også etter at behandlinga er avslutta. I tillegg til at behandlinga hjelper seier også dei aller fleste at dei er nøgd med denne typen behandling og at dei synast det er den riktige behandlinga for sine plager.
For å oppnå resultat av behandlinga er det altså ikkje nok å bare lese teksten i modulane. Det er mengda tid og krefter du legg i arbeidet med programmet som har mest å seie for kor vellukka behandlinga blir. Det er viktig at du verkeleg investerer tid og krefter i øvingane, og at du øver jevnt og trutt. Jo meir tid du bruker på eMestring.no, desto større utbytte får du av programmet. Dette krev naturligvis at du er motivert.
Kva er depresjon?
Det er normalt å være trist frå tid til annan, men depresjon er meir enn å føle seg ulykkelig. Når du er deprimert varer det lave stemningsleiet over tid. Det påverkar også søvn, forholdet til andre, jobb og matlyst. Depresjon er veldig vanlig og rammer ca. 17 % av befolkninga på eit eller anna tidspunkt i livet. Hovudsymptoma på depresjon er tristhet mesteparten av tida, nedsett interesse for ting du likar til vanleg, mindre initiativ og følelsen av å være veldig trøtt. Hvis du er deprimert, har du i tillegg hatt nokre av desse symptoma mesteparten av tida, i minst to veker:
- Problem med å sove, eller for mye søvn
- Vanskar med å konsentrere deg eller å ta avgjersler
- Låg sjølvtillit
- Enten lite matlyst eller økt appetitt
- Grunnlaus skyldfølelse
- Følelse av å være enten "giret" eller at alt går sakte
- Sjølvmordstankar
- Irritasjon
- Engstelighet