Depresjon er ein av dei vanlegaste psykiske lidingane. Den er kjenneteikna ved sterk og vedvarande nedstemthet, mindre interesse for og glede av ting ein vanlegvis likar og energitap som går ut over fungering i kvardagen. Andre symptom på depresjon er problem med å sove, eller for mykje søvn, vanskar med å konsentrere seg eller å ta avgjersler, låg sjølvtillit, anten lite matlyst eller auka appetitt, grunnlaus skuldkjensle, kjensle av å være enten «gira» eller at alt går sakte, sjølvmordstankar, irritasjon, tendensar til å engste seg.
Ein vil kunne oppleve ulike kombinasjonar av desse symptoma, og det vil også variere kor mange plager ein har. Styrken varierar frå milde symptom til alvorleg depresjon med sjølvmordsfare, noko som vil ha betydning for hjelpetiltak. eMeistring behandlar mild og moderat depresjon.
Depresjon har god prognose og dei fleste vert heilt friske. Dei mest brukte psykologiske metodane i behandling av depresjon hjå vaksne er psykodynamisk terapi, kognitiv terapi og interpersonleg terapi.
Les meir om depresjon på kognitiv.no
eMeistring behandlar depresjon med kognitiv atferdsterapi. Denne terapiforma tek utgangspunkt i situasjonen her og nå, og har som mål at den som er i terapi skal lære kva som skapar depresjon og korleis ein kan bryte ut av den. Dette vert gjort gjennom arbeid med tankane våre og korleis vi handlar i kvardagen.
Les meir om kognitiv atferdsterapi på kognitiv.no
Behandlinga i eMeistring føregår via internett. I staden for å møte opp for å motta terapi ansikt til ansikt ved ditt lokale distriktspsykiatriske senter (DPS), kan du som går i behandling logge deg inn på våre nettsider når og kvar det passar. Alle som mottar behandling i eMeistring får oppfølging av en terapeut vekentleg. Oppfølginga skjer skriftleg i behandlingsprogrammet.
Behandling for depresjon i eMeistring varer i 14 veker, og består av 8 delar. Kvar del inneheld lesestoff, øvingar og spørjeskjema.
Lesestoffet gjev informasjon om korleis det å være deprimert påverkar oss, og kva vi kan gjere for å bryte ut av depresjonen.
Øvingane hjelp den som mottek behandling å finne fram til kva som er nyttig for seg sjølv, og gjev opplæring i teknikkar som ein trenar på gjennom behandlinga.
Spørjeskjemaene måler symptom på depresjon, og vert brukt for å sikre at behandlinga fungerar.
Behandlinga i eMeistring har same innhold som kognitiv atferdsterapi gitt ansikt til ansikt. Behandlinga er undersøkt i fleire studiar både i Noreg og i utlandet. Metoden eMeistring nyttar kallast “veileda internettbehandling” og har vore gjennom ein metodevurdering kor den samla forskninga er gjennomgått av Folkehelseinstituttet.