CT av nyrer og urinvegar, Kysthospitalet

Radiologisk avdeling, Kysthospitalet

CT er ei forkorting for computertomografi. Det er ei røntgenundersøking der vi tar snittbilete av dei delane av kroppen din som skal undersøkast.
Bileta blir laga ved hjelp av eit dataprogram.

Innleiing

CT-undersøking av nyrer/urinvegar omfattar undersøking av nyrer, nyrebekken, urinleiarar og urinblære.

Oftast blir undersøkinga utført ved uklare eller mistenkelege funn ved ultralyd. Ein kan kartlegge utbreiing av svulst og vurdering av moglege skadar på nyrene (og organa rundt). Undersøkinga vil også avsløre andre forandringar på bakre bukvegg, for eksempel forstørra lymfeknutar.

CT-undersøkinga blir gjort med tilførsel av kontrast i blodåra som gir forbetra biletinformasjon.

Ved spørsmål om nyrestein er det ikkje nødvendig å setje kontrast.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Kreatinin/eGFR må fyllast ut på undersøkinga som krev kontrastmiddel.
    Skriv inn dato for prøvetaking.
    eGFR må rekvirerast primært ved prøvetaking. Det er ikkje lengre nok å rekvirere kreatinin.
  • Merk tilvisinga om det er akutt hjelp eller om pasienten skal innkallast til time.
    Vi treng å vite kva som er avtalt med pasienten.
  • Ved akutt hjelp skal ein alltid sende med pasienten papirtilvising i tillegg til elektronisk tilvising.
  • Merk tilvisinga med "grad av hast"
  • Er pasienten gravid må dette stå i tilvisninga.
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi det. Samt kva språk pasienten snakkar. Tolken kan ikkje vere gravid.
  • Tilvisinga må innehalde:
    • gode kliniske opplysingar
    • kort og presis beskriving av problemstillinga - kva ein ønsker å få undersøkt

Dette har betydning for val av CT-protokoll og at bileta dekker det de spør etter.

1. Før

Førebuing heime

Du kan ete ein lett frukost den dagen du skal til undersøking. For å unngå kvalme skal du ikkje ete to timar før ei kontrastundersøking, kun drikke klare væsker.

Det er viktig at du ikkje tømmer urinblæra den siste halvtimen før undersøkinga.

CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid, må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga. 

Dersom du bruker tablettar som inneheld metformin mot diabetes tar du desse som normalt dersom du ikkje høyrer noko anna frå sjukehuset. Dersom du har hatt opphald i bruk av tablettane må du kontrollere nyrefunksjonen to dagar etter undersøkinga før du kan fortsette med tablettane. Dette gjer du hos eigen lege.

Har du sjukdom i skjoldbrukskjertelen, opplys tilvisande lege om dette.

I nokre tilfelle, for eksempel ved spørsmål om nyrestein, er det ikkje nødvendig å drikke eller tømme urinblæra før undersøkinga. Då treng du heller ikkje avslutte ein eventuell bruk av tablettar for diabetes.

Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga blir sendt til deg ved innkalling eller gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.

Førebuing på sjukehuset

Metallgjenstandar som knappar, gildelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogleg kvalitet på bileta.

2. Under

Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som forflyttar deg inn i den korte opninga av CT-maskina. Maskina er open frå begge endar.

Når bileta blir tatt beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for kvaliteten på bileta at du ligg i ro under heile undersøkinga.
Du blir bedt om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i mageregionen.

Undersøkinga er smertefri.

Ei plastnål (kanyle) blir lagt inn i ei blodåre. Dette blir gjort viss du skal ha kontrast i åra. Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det tatt bilete i serie av dei ulike organa.

Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten fører svært sjeldan til ubehag, men ein kan føle ein forbigåande varme gjennom kroppen.

Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Du blir observert gjennom eit vindauge og dei høyrer deg gjennom ein mikrofon i maskina.

Undersøkinga tar som regel 10 - 30 minutt avhengig om det skal setjast kontrast eller ikkje.

3. Etter

Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi deg vente på avdelinga i 20 minutt etter at kontrasten blei sett inn. Vi tar ut nåla etter ventetida.

For andre pasientar gjeld inga spesiell oppfølging.

Resultat av undersøkinga

Bileta blir granska av ein røntgenlege som lager ein rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt. 

Ved akutte tilstandar får du eit foreløpig svar like etter undersøkinga.

Inneliggande pasientar får vanlegvis svar neste dag.

Ver merksam

Det er vanleg og få ein varmekjensle under kontrastinjeksjonen. Dette kan følast litt ubehageleg, men er ufarleg. 

I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrast. Røntgenkontrast gir svært sjeldan alvorlege allergiliknande reaksjonar.

Kontakt

Oppmøte
Vi held til i 2. etasje på Kysthospitalet i Hagevik.

Radiologisk avdeling, Kysthospitalet

Telefon
56 56 59 40
Timebestilling 56 56 59 41
Fax: 56 56 59 48
måndag08.00 - 15.30
tysdag08.00 - 15.30
onsdag08.00 - 15.30
torsdag08.00 - 15.30
fredag08.00 - 15.30

Bil

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til rundkøyringa ved Uno‐X bensinstasjon (ca 17 km etter Nesttun).
  • Ta andre avkøyring og følg vegen 5,1 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta første avkøyring i andre rundkøyringa etter tunnelen (ca 6 km fra Halhjem).
  • Følg vegen 5,1 km til du ser sjukehusskiltet.

GPS: 60.179797, 5.394974

Buss

Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Pasientreiser

​Lov om pasientrettar gjer rett til å få dekt utgifter ved reise til/frå offentleg behandling i helsetenesta tilsvarande billigaste rutegåande transport.

Les meir om pasientreisar

Praktisk informasjon

Kantine

Kantine finst i 1. etasje. Den er open kl. 10‐15 alle kvardagar. Det er også automatar med diverse varer ved hovudinngang.

Mobiltelefon

Mobiltelefon er tillat utanom på oppvakningsavdelinga.  Dekninga er dessverre ikkje like god alle stader på området.

Oppmøte

Meld deg i resepsjonen i 1. etasje når du kjem, og gå deretter opp til venterommet i 2. etasje.