Nokre CT-undersøkingar kan innebere førebuingar som blodprøvetaking eller faste/tarmtømming. Førebuingane varierer ut frå kva som skal undersøkast. Informasjon om korleis du skal førebu deg til undersøkinga vil du få i innkallingsbrevet eller ved avdelinga når timen blir avtalt. Gi beskjed til legen som tilviser deg dersom du har forhøga stoffskifte, eller om du tidlegare har hatt reaksjoner på intravenøs kontrast, som har krevd behandling.
CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga.
Amming
Overgang av kontrastmiddel til morsmelk er minimal, og du kan ta CT sjølv om du ammar.
Førebuing på sjukehuset
Metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogleg kvalitet i bileta.
Ved CT av mage eller bekken må du i dei fleste tilfelle drikke vatn og i nokre tilfelle vatn tilsett kontrastvæske før undersøkinga.
CT med intravenøs kontrastvæske
I nokre tilfelle må vi setje kontrast i blodårene, men dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bileta.
Dersom du skal ha kontrast i åra, får du eit plastrør (kanyle) lagt inn i ei blodåre. Du vil på førehand bli spurt om du har hatt reaksjonar på kontrastmiddel tidlegare, og enkelte andre risikofaktorar.