CT av lunger, Kysthospitalet

Radiologisk avdeling, Kysthospitalet

CT er ei forkorting for computertomografi. Det er ei røntgenundersøking der vi tar snittbilete av dei delane av kroppen din som skal undersøkast.
Bilda blir laga ved hjelp av eit dataprogram. CT blir brukt til å få fram eventuelle endringar på lunger, hjerne, indre organ, blodårer og hjarte.

Innleiing

CT-undersøkinga er særs nyttig for å:

  • oppdage svulstar og andre prosessar i kroppen
  • avklare infeksjonar og betennelsar, samt vurdering av lungevev
  • vurdere organskadar ved traume

CT kan også brukast for å ta vevsprøve (biopsi) av ein svulst.
Ved hjelp av CT ser radiologen kor nåla skal førast for å treffe rett stad. Undersøkinga blir gjort ved at ein stikk ei prøvetakingsnål inn til svulstvevet. Gjennom denne kan ein ta ut materiale til nærare gransking.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Kreatinin/eGFR må fyllast ut på undersøkinga som krev kontrastmiddel.
    Skriv inn dato for prøvetaking.
    eGFR må rekvirerast primært ved prøvetaking. Det er ikkje lengre nok å rekvirere kreatinin.
  • Merk tilvisinga om det er akutt hjelp eller om pasienten skal innkallast til time.
    Vi treng å vite kva som er avtalt med pasienten.
  • Ved akutt hjelp skal ein alltid sende med pasienten papirtilvising i tillegg til elektronisk tilvising.
  • Merk tilvisinga med "grad av hast"
  • Er pasienten gravid må dette stå i tilvisninga.
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi det. Samt kva språk pasienten snakkar. Tolken kan ikkje vere gravid.
  • Tilvisinga må innehalde:
    •  gode kliniske opplysingar
    • kort og presis beskriving av problemstillinga - kva ein ønsker å få undersøkt

Dette har betydning for val av CT-protokoll og at bileta dekker det de spør etter.

1. Før

Førebuing heime

Du skal ikkje ete to timar før ei kontrastundersøking. Dette for å unngå kvalme.

Dersom du har normal nyrefunksjon og bruker tablettar som inneheld metoformin mot diabetes skal du ta desse som normalt før kontrastundersøkinga.
Dersom du har nedsett nyrefunksjon skal du ikkje ta medisinane to dagar før og to dagar etter undersøkinga. Før du kan fortsette med tablettane må du kontrollere nyrefunksjonen hos fastlegen to dagar etter undersøkinga.

Annan medisin tar du som normalt.

Er du gravid kontakt behandlingsstaden i god tid før undersøkinga.

Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga vert sendt til deg ved innkalling eller blir gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.  

Førebuing på sjukehuset

Metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogeleg kvalitet på bilda.

2. Under

Du blir undersøkt liggande på eit motorisert bord som forflyttar deg inn i den korte opninga av CT-maskina. CT-maskina er open i begge endar. 

Bordet flyttar på seg når bilda blir tatt. Det er heilt avgjerande for kvaliteten på bilda at du ligg i ro under heile undersøkinga. Du blir bedt om å halde pusten i nokre sekund når bilda blir tekne. Dette for å unngå unødvendige bevegelsar i lunge- og mageregionen.

Ein biletserie tar berre nokre sekund. Det kan derimot bli tatt fleire seriar.

Undersøkinga er smertefri. Ei plastnål (kanyle) vert lagt inn i blodåra di. Gjennom plastnåla set vi kontrast i blodåra.
Du blir spurt om tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, i tillegg til allergiar, astma og diabetes. Kontrasten medfører sjeldan ubehag, men ein kan føle ein forbigåande varme gjennom kroppen.

Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Du blir observert gjennom eit vindauge og dei høyrer deg gjennom ein mikrofon i maskina.

Som regel tar undersøkinga cirka 10 til 20 minutt.

3. Etter

Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga i 20 minutt etter at kontrasten er sett inn. Vi tar ut nåla etter ventetida.

For andre pasientar gjeld inga spesiell oppfølging.

Resultat av undersøkinga

Bilda vert granska av ein røntgenlege som lagar ein skriftleg rapport om kva bilda viser.
Rapporten vert sendt til legen som tilviste deg.

Bilda og rapporten vert lagra i datasystemet vårt.

Ved akutte tilstandar blir det gitt eit foreløpig svar etter undersøkinga.

Ver merksam

Røntgenkontrast gir svært sjeldan allergiske reaksjonar. Det er vanleg å få ein varmekjensle under kontrastinjeksjonen. Dette kan kjennast litt ubehageleg, men er ufarleg.

I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrastvæske. Dette er ufarleg og betyr ikkje at du er allergisk. Utslettet kan ved behov bli behandla med reseptfrie kløestillande middel. 

Kontakt

Oppmøte
Vi held til i 2. etasje på Kysthospitalet i Hagevik.
Radiologisk avdeling, Kysthospitalet
Telefon
56 56 59 40
Timebestilling 56 56 59 41
Fax: 56 56 59 48
måndag - fredag 08.00 - 15.30

Bil

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til rundkøyringa ved Uno‐X bensinstasjon (ca 17 km etter Nesttun).
  • Ta andre avkøyring og følg vegen 5,1 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta første avkøyring i andre rundkøyringa etter tunnelen (ca 6 km fra Halhjem).
  • Følg vegen 5,1 km til du ser sjukehusskiltet.

GPS: 60.179797, 5.394974

Buss

Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Pasientreiser

​Lov om pasientrettar gjer rett til å få dekt utgifter ved reise til/frå offentleg behandling i helsetenesta tilsvarande billigaste rutegåande transport.

Les meir om pasientreisar

Praktisk informasjon

Informasjonsbrev til pasientar

Kantine

Kantine finst i 1. etasje. Den er open kl. 10‐15 alle kvardagar. Det er også automatar med diverse varer ved hovudinngang.

Mobiltelefon

Mobiltelefon er tillat utanom på oppvakningsavdelinga.  Dekninga er dessverre ikkje like god alle stader på området.

Oppmøte

Meld deg i resepsjonen i 1. etasje når du kjem, og gå deretter opp til venterommet i 2. etasje.