HPV og celleforandringar
Infeksjon med Humant Papillomavirus (HPV) har vist seg å vere ein viktig faktor for utvikling av livmorhalskreft. Ein vedvarande infeksjon med HPV kan gi alvorlege celleforandringar i livmorhalsen, som ubehandla kan utvikle seg til kreft.
Det finst over 100 typar av HPV. Berre nokre få av desse gir auka risiko for kreft i livmorhalsen. Viruset smittar ved seksuell kontakt, og rundt 70 prosent av alle kvinner blir smitta i løpet av livet. I 90 prosent av tilfella klarer kroppen å kvitte seg med viruset av seg sjølv. Rundt 10 prosent av alle kvinner får celleforandringar som må behandlast, men berre ein prosent utviklar livmorhalskreft.
Det kan vere nok med ein seksualpartnar for å bli smitta med HPV. Ved mange partnarar, aukar risikoen. HPV kan også forårsake kjønnsvorter. Kvinner som har kjønnsvorter kan ha større risiko for å utvikle livmorhalskreft enn andre.
HPV-vaksine
HPV-vaksinen kan førebyggje celleforandringar på livmorhalsen. Den inngår i barnevaksinasjonsprogrammet, og er eit tilbod til alle jenter frå 12 års alder. Det finst mange ulike virus innan gruppa Humant Papilloma. HPV 16 og 18 veit vi per i dag kan utvikle seg til livmorhalskreft. Vaksinen gir vern mot desse virusa, og er derfor nyttig også for vaksne kvinner sjølv om dei kanskje allereie har vore smitta med andre typar HPV.
Les meir om HPV-vaksinen på helsenorge.no
Alle kvinner i alderen 25-69 år bør følgje masseundersøkingsprogrammet og ta celleprøve frå livmorhalsen kvart tredje år. Nyare studier viser god effekt av screening mot livmorhalskreft.
Gynekologisk undersøking
Gynekologisk undersøking er brukt ved utgreiing av gynekologiske tilstandar og sjukdommar.
Gynekologisk undersøking (GU) er gjort som eit ledd i diagnostisering av gynekologisk tilstand eller sjukdom. Legen vurderer både ytre og indre kjønnsorgan for å sjå etter teikn til sjukdom. Nokre gongar må legen gjere ei utvida undersøking av deg, og det kan vere aktuelt med ultralyd, røntgen og blodprøver for å utgreie mogeleg gynekologisk sjukdom og gi ei sikker diagnose.
-
Før
Det er inga førebuing til gynekologisk undersøking.
Du kan ikkje ta livmorhalsprøve/celleprøve dersom du har menstruasjon.
-
Under
Korleis undersøkinga blir utført vil variere ut fra årsaka til undersøkinga.
Undersøkinga gjer i utgangspunktet ikkje vondt. Ved mykje luft i tarmen kan ein likevel oppleve luftsmerter i samband med undersøkinga. Full urinblære kan også gi ubehag ved undersøkinga.
Vanlegvis ligg du på ein benk med beinhaldar under undersøkinga, og du må vere avkledd nedantil. For å få oversikt vil legen føre eit instrument inn i skjeden. Instrumentet blir påført glidemiddel for å gjere undersøkinga meir skånsam. Avhengig av årsak til undersøkinga kan det samtidig vere nødvendig å ta celle-, vevs-, bakterie- eller virusprøvar. Som eit ledd i undersøkinga vil legen legge eit press over magen samtidig som han/ho undersøker skjeden med 1-2 fingrar. Hensikta er å finne ut om det er uvanleg oppfylling eller uvanlege smerter i magen og underlivet. Det kan også vere aktuelt å undersøke endetarmen. Den gynekologiske undersøkinga blir vanlegvis avslutta med vaginal ultralyd.
-
Etter
Dei aller fleste pasientar kan reise heim eller gå vidare til eventuelt andre avtalar ved sjukehuset etter undersøkinga. Inneliggande pasientar kan gå eller bli køyrt tilbake til avdelinga rett etter undersøkinga.
Gynekologen dokumenter skriftleg kva undersøkinga viser.
Resultat av undersøkinga
I samband med undersøkinga vil du få informasjon frå legen om eventuelle funn. Konklusjon og prøvesvar vert så snart det er klart sendt til legen som tilviste til undersøkinga, for eksempel fastlegen din.
Ved akutte tilstandar vil det bli gitt eit foreløpig svar like etter undersøkinga.
Gå til
Gynekologisk undersøking
-
Avdeling
-
Gynekologisk avdeling
- Besøksadresse
-
Kvinneklinikken
-
Voss sjukehus