Brudd i legg
Dei to knoklane i leggen kan brekke viss noko treff med stor kraft, men også ved kraftig rotasjon. Dei kan brekke kvar for seg eller samtidig og på ulike stader. Dei fleste leggbrot skjer under fysisk aktivitet eller trafikkulukker.
Opne og lukka brot
Ved ope brot er det ei opning i huda som gjer at det er kontakt inn til beinet. Dette gir fare for infeksjon, og du må få antibiotika for å hindre dette.
Brotet kan har varierande grad av feilstilling. Ved lita feilstilling kan brotet i visse tilfelle behandlast med gips og du slepp operasjon. Dette gjeld særleg barn. Ved moderat til stor feilstilling må brotet opererast.
Utredning
Brot i legg blir undersøkt med røntgen og klinisk undersøking. Dette betyr at legen sjekkar om det er eit ope eller lukka brot, grad av hevelse og feilstilling, funksjon av nerver og om beinet har god blodforsyning. Røntgen gir god informasjon om kor mykje feilstiling det er og om brotet er enkelt eller ikkje.
Ved høgenergiskader, som trafikkulukker og fall frå stor høgd, er det viktig å utelukke det vi kallar losjesyndrom. Dette kan skje dersom hevelsen i leggmuskulaturen klemmer av blodforsyninga til beinet. Dette gir mykje smerte og må opererast akutt.
Behandling
Leggbrot blir anten behandla med gips/skinne (såkalla konservativ behandling) eller med operasjon.
Vi behandlar fortrinnsvis barn og unge med gips. Dersom det er nødvendig å korrigere feilstilling i brotet, blir du lagt inn på sjukehuset. Du får narkose før feilstillinga blir korrigert, og så legg vi på gips eller skinne. Litt avhengig av kor gammal du er og teikn til korleis brotet gror, må du ha gips/skinne på i fire til tolv 12 veker.
Hos vaksne er den vanlegaste behandlinga operasjon i narkose eller spinalbedøving. Under operasjonen blir beinet sett i riktig stilling og du får ein nagle i knokkelen. Dersom brotet er langt nede ved ankelen eller høgt opp mot kneet, er det vanleg å bruke plate i staden for nagle.
Oppfølging
Etter behandling med gips/skinne
Kontroll med røntgen på poliklinikk etter seks og eventuelt tolv veker.
Etter operasjon
Etter operasjonen blir du verande på sjukehuset nokre dagar. Kor lenge kjem an på kor vondt du har og kor raskt du kjem deg på beina. Det er viktig at du kjem deg opp på krykker og ikkje blir liggande i seng lenger enn nødvendig. Ved brot i skaftet kan du belaste mot smertegrensa, mens brot mot ankel eller kne må touchbelastas. Ein fysioterapeut vil hjelpe deg å komme i gang med krykker og opptrening.
I starten får du smertestillande medisinar, men desse bør du slutte med så snart som mogleg.
Du får time til kontroll ved poliklinikk når du reiser frå sjukehuset, som regel seks og tolv veker etter operasjon. Det er vanleg at tilheling og opptrening tar tid, i visse tilfelle eitt til to år. Ein del pasientar får også varige restplagar i form av smerter eller stivheit, eller lett feilstilling av beinet.
I utgangspunktet kan plate/nagle bli verande i beinet. Dersom du får tydelege plager relatert til plata/naglen, kan det vere aktuelt å fjerne den, tidlegast etter eitt år. Det er viktig å vente så lenge for å sikre at brotet er grodd, og unngå nytt brot på samme stad.
Dersom brotet ikkje vil gro, kan det bli nødvendig med ny operasjon. Det er kjent at både røyking og dårleg ernæring kan føre til at brot har vanskeleg for å gro. Røyking gir også auka risiko for dårleg sårtilheling. Det er derfor svært viktig at du kuttar røyken, særleg i perioden såret skal gro.
Ver merksam
Viss det kjem bakterier i operasjonssåret, kan det gi infeksjon. Då er det viktig at du kontaktar sjukehuset for utgreiing og oppfølging så snart som mogleg.
Teikn på infeksjon kan vere raud farge, aukande hevelse, eller væske frå såret. Smerter frå såret eller feber kan også vere teikn på infeksjon.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen