Knebrudd, nynorsk
Kneleddet er eit av dei store ledda i kroppen og skal tåle mykje belastning. For at kneet skal fungere best mogleg etter eit brot, er det viktig at leddflata som har vore involvert i brotet blir sett korrekt på plass og fiksert. Brot i kneet kan omfatte lårbein, leggbein og kneskål.
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om brot etter mindre uhell, kontaktar du fastlege eller legevakt som viser deg vidare ved behov. Ved påenberre brotskader etter større uhell og ulukker, ringer du 113.
Utredning
Ved brot i kneet vil lege undersøke deg og vurdere helvelse og funksjon til nervene som går langs kneet. Legen vil også sjekke blodforsyninga lenger nede i beinet for å utelukke at blodårene er skadde.
I tillegg til legeundersøking, vil vi bruke bildediagnostikk som røntgen, CT og MR. CT er for å kartlegge sjølve brotet, og med MR kan vi karlegge leddband, meniskar og brusk.
Les om
Behandling
Stabile brot i kne utan større feilstilling blir ikkje operert. Vi brukar heller ei skinne for å stotte det skadde leddet.
Brot med feilstilling bør opererast.
Målet med behandlinga er uansett å få god stilling i leddet, samtidig som bevegelegheitstrening skal vere mogleg. Eit ledd som ikkje blir bevegd, stivnar raskt.
Kneskål
Brot i kneskåla blir operert med stålpinnar og ståltråd. I tillegg får du vanlegvis ei skinne som støtte dei første seks vekene etter operasjon
Leggbein
Når brotet sit i leggbeinet, er gjerne leddflata presst ned. Då er operasjon nødvendig for å få leddflata på plass. Leddflata blir fiksert med plate og skruar. Det tar ca 3 månadar før dette er solid nok til at du kan trakke ned på foten med full tyngde.
Lårbein
Operasjon er nødvendig for å sette leddflata på plass og fiksere brotet med plate og skruar. Vanlegvis kan du belaste kneet fullt etter to til tre månadar.
Oppfølging
Uavhengig av behandlingsmetode er det viktig å starte opptrening så snart som mogleg. Du vil få hjelp av fysioterapeut til å komme i gang med bevegelsestrening og krykketrening.
Vanlegvis får du kontrolltime med røntgenkontroll to, seks og tolv veker etter operasjon. Du blir innkalt til fleire kontrollar dersom det er behov for det.
Ver merksam
Det er alltid ein risiko ved operasjon. Dersom du får teikn til infeksjon eller blodpropp, er det viktig at du tar kontakt med sjukehus så snart som mogleg.
Teikn på infeksjon kan vere raud farge, økande hevelse eller væske som siv frå operasjonssåret. Smerter frå såret eller feber kan også vere teikn på infeksjon.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen