Kva må eg melde frå om i forkant?
Om du bruker blodtynnande medisin, må du ta kontakt med oss for å avtale dosering av desse før inngrepet. Ved pågåande eller nyleg astmaforverring (prednisolonkur avslutta dei siste 2 vekene), må du også ta kontakt slik at vi kan utsette inngrepet til ein meir stabil fase.
Premedikasjon og førebuingar
Før inngrepet høyrer det med forbehandling som består av 50 mg Prednisolon tatt 3 dagar før inngrepet, på behandlingsdagen og dagen etter inngrepet, totalt 5 dagar behandling.
Du blir innlagd på sengepost dagen før. Ein av legane på posten helsar på deg og tar ei forundersøking. Om du er tung i pusten vil du få astmamedisinar på forstøvar. Sjølve undersøkinga skal utførast fastande. Du må derfor ikkje ete, tygge tyggegummi, røyke eller drikke anna enn vatn eller saft dei siste 4 timane før inngrepet. Vatn og saft kan drikkast inntil 2 timar før, eventuelle medisinar like så.