Du treng ikkje å gjere nokon førebuingar til undersøkinga.
Artikulasjonsvanskar – artikulasjonsevneundersøking
Artikulasjonsvanskar eller uttalevanskar vil seie redusert evne til å snakke tydeleg. Undersøkinga vil avdekke grada og arten av artikulasjonsvanskane dine.
Før
Under
Ein logoped undersøker funksjonen i alle delane av taleapparatet (lepper, kjeve, gane, tunge, strupe og pust). Vi undersøker også kor forståeleg talen din er.
Logopeden stiller deg ein del spørsmål om talen din, og ber deg om å gjere ulike øvingar for leppene, kjeven, tunga, ganen, stemma og pusten. Nokre av øvingane har tidsavgrensing, og da blir ei stoppeklokke brukt. Logopeden vil også undersøke innsida av munnhòla di. Du blir også beden om å gjenta nokre lydar, ord og setningar, og dessutan lese nokre ord høgt. Logopeden kan ved behov be om å få ta eit lydopptak av talen din.
Ved behov utfører vi fleire undersøkingar. Dei kan vi gjere mens du er innlagd på sjukehuset. Dersom du har behov for det vil vi lage eit treningsprogram for deg, og sørge for at du får vidare oppfølging. Heimreise blir avklart av legen i samråd med eit tverrfagleg team.
Etter
Logopeden formidlar resultata til deg, anten med det same eller i løpet av perioden du er innlagd på sjukehuset.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Logopedtenesta
Oppmøtestad
Vi har kontor i Gamle Hovudbygg, i underetasjen og i 1.etasje.

Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen