Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Apnéskinne

Apnéskinne består av ein plastgomme tilpassa tennene både i over- og underkjeven. Det er eit sambands-stag mellom plastgommane, som bidreg til å halda underkjeven stabiliserte i noko framskoven posisjon under søvn. Då unngår ein at underkjeven sig ned og bakover, og sikrar dermed luftpassasjen bak tunga og gjennom nedre del av svelget når ein søv.

Noen er plaget med pustestopp når de sover. Dette kalles søvnapné og skyldes vanligvis trange luftveier i nese og svelg. Søvnapné kan medføre døsighet og konsentrasjonsproblemer på dagtid. Behandling kan lindre symptomene for mange.

Les meir på helsenorge.no

Pasientar med obstruktiv søvnapné og partnarane deira er som regel svært godt fornøgd med PAP-behandling, blant anna fordi snorkelyden forsvinn og ein kjenner seg meir opplagt på dagtid. Dette gjeld særleg for dei med moderat og alvorleg pustestoppsjukdom.

I gruppa med mindre alvorleg sjukdom er det ei større utfordring å venna seg til PAP og anna behandling kan vera nødvendig viss utstyret blir for lite brukt. Apnéskinne er aktuelt for nokon.

Før

Apnéskinne bør tilpassast hos spesialtrena tannlege, som støyper skinna etter tannstillinga til pasienten.
 

Under

Apnéskjenebehandling er godt undersøkt i vitskaplege studiar, og viser god effekt mot snorking og pustestopp. Skinna er best eigna til snorkere, pasientar med relativt få pustestoppar og som ikkje er altfor overvektige.



Etter

Resultatet av behandlinga bør kontrollerast med ny søvnregistrering medan ein søv med skinna, for å sjå til at behandlinga fungerer. Kontroll med søvnregistrering blir gjord når ein har vorte heilt vant til skinna.