Det er viktig at du held deg i aktivitet heilt fram mot operasjonen. Om du ikkje har fått beskjed om noko anna, så bør det vonde leddet bli bevega og belasta så godt det lar seg gjere. Dette gjer knoklane sterkare og gjer opptreninga etter operasjonen enklare.
Førebygging av infeksjon
Infeksjon er ein frykta komplikasjon til protesekirurgi. Desse tiltaka kan minske risikoen:
- Eit variert og næringsrikt kosthald i forkant av operasjonen
- Dersom du røyker bør du slutte, eller i alle fall redusere forbruket frå 4 veker før operasjonen til såret er heilt grodd 3-4 veker etter operasjonen. Det same gjeld dersom ein har eit overforbruk av alkohol.
- Dersom du har sukkersjuke (diabetes) må du vere ekstra nøye med å kontrollere og regulere blodsukkeret i forkant av operasjonen, gjerne i samråd med fastlegen.
- Pågåande infeksjonar (f.eks. naglerotsbetennelse, urinveisinfeksjon, hudinfeksjon, tannrotsbetennelse eller lignande) eller opne sår - aukar sjansen for å få infeksjon i proteseleddet. Slike infeksjonar må derfor vere ferdigbehandla i god tid før operasjonen.
Medikament
Nokre medikament skal stoppast eit antall dagar eller veker før operasjonen. Dette vil du få beskjed om ved førebuande undersøkingar før operasjonen.
Oftast blir det nytta spinalbedøvelse ved denne type kirurgi, men iblant blir det naudsynt med narkose. Då må du faste.
Faste
Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.
Barn (opptil 18 år): Med mindre anna er avtalt gjeld følgande: Barnet kan drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt) inntil 1 time før operasjon. Barnet kan få morsmjølk/-erstatning inntil 4 timar før operasjon. For mjølk og fast føde gjeld same reglar som for vaksne (6 timar)
Vaksne: Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.