Vonde bryst ved amming
Nokre kvinner får ulike utfordringar i samband med at mjølkeproduksjon startar eller ved amming.
Såre brystknoppar
Såre brystknoppar skuldast nesten alltid at barnet har fått feil tak på brystknoppen. Å sikre god ammestilling så barnet får riktig sugetak er viktig for å unngå, og for å behandle såre brystknoppar.
Såre brystknoppar må ikkje forvekslast med ømme brystknoppar. Det er normalt å føle ømheit i brysta i starten av ammeperioden. Normal ømheit skal gå over i løpet av dei første 30 sekunda inn i amminga. Om smerta vedvarer, og blir litt verre for kvar gong du ammar er det noko som er gale.
Les meir om førebygging og behandling av såre brystknoppar på Ammehjelpen sine nettsiderFørebygging
Førebygging av såre brystknoppar er viktig for ei vellykka amming. Her finn du nokre råd som kan førebygge såre brystknoppar:
- Riktig sugetak og ammestilling er viktigast for å førebygge såre brystknoppar
- Ver nøye med handhygienen
- Varier mellom ulike ammestillingar
- Om barnet ikkje slepp brystet sjølv, må du ikkje dra brystknoppen ut av munnen til barnet. Barnet vil sleppe brystet om du stikk veslefingeren din inn i barnet sin munnvik. Undertrykket som dannar seg i munnen til barnet under amming vil då bli oppheva og munnen løyser seg frå brystet. Du kan då løfte brystknoppen ut av barnet sin munn, utan at det blir drag og strekk på brystknoppen.
- Når du har amma vil det vere litt mjølk igjen på brystknoppen, la denne mjølken tørke inn før du tar på deg klede igjen. Mjølka legg seg som ei beskyttande hinne på brystknoppen.
- Dusj dagleg og ha på deg mjukt tøy nærmast brystet. Unngå tøy som gnissar og irriterer brystknoppen. Unngå ammeinnlegg av papir den første tida. Unngå bruk av såpe på brysta, det tørkar ut huda.
- Unngå stram BH som gjer at brystknoppen blir klemt innover i brystet. Dette kan lage fuktige groper rundt brystknoppen, noko som aukar førekomsten av bakteriar og dermed gir større risiko for infeksjon.
Behandling
Barnet må ofte amme ei stund før mjølka begynner å renne. For å korte ned denne tida og slik beskytte dei såre brystknoppane kan du sjølv stimulere utdrivingsrefleksen ved å massere brystet. Med reine fingertuppar masserer du lett det brune området rundt brystknoppen. Unngå å ta på sjølve brystknoppen. Når du ser at mjølka begynner å komme, legg du barnet til.
Eit viktig prinsipp ved behandling av sår hud er: «Tørt på tørt, vått på vått». Fuktige sår på brystknoppane kan rensast med saltvatn. Snakk med jordmor eller helsesøster om korleis du skal gjere dette.
Meir informasjon om såre brystknoppar finn du på ammehjelpen.noBrystspreng etter fødsel
Hormona som er i kroppen din rett etter fødselen fører til auka blodtilførsel og at væske hopar seg oppi brysta dine. Dette kjem samtidig med at mjølkeproduksjonen blir sett i gang. Dette er årsaka til at mange kvinner kjenner at brysta er hovne og ømme etter fødselen, og det blir kalla brystspreng. Brystspreng er mest vanleg mellom andre til femte døgn etter fødselen, og varer som regel frå eitt til to døgn, for nokon lenger.
Når brystet er hardt og sprengt, kan det vere vanskeleg for barnet å ta tak i brystknoppen. Eit tiltak for å lette påkoplinga for barnet er å handmjølke i 1-2 minutt før barnet skal die. Det brune feltet (areola) vil då bli mjukare, og gjer det lettare for barnet å få nok bryst inn i munnen. Spør om å få rettleiing i handmjølking før du reiser frå sjukehuset. Handmjølking før du legg barnet til, kan òg vere eit tiltak om du har såre brystknoppar. Barnet treng då ikkje suge så mykje/lenge for å få mjølka til å strøyme.
Mjølkespreng
Når brystet blir fyllt med mjølk får du ei kjensle av spreng – det er mjølka i brysta som utløyser denne kjensla av spreng. Dette kan spesielt i starten av amminga vere litt ubehageleg. Etter amming og når brysta er tømt, er kjensla av spreng borte.
Ved mjølkespreng er brysta harde og spente fordi dei er fulle av mjølk og trykket inne i brysta er stort. Dette kan kome av at det er lenge siden du amma sist, eller at mjølkeproduksjonen er større enn den mengda mjølk barnet treng eller tar. Det er vanleg å kjenne mjølkespreng første gongen i løpet av den første veka etter fødselen. Men mjøkespreng vil kunne kome og gå gjennom heile ammeperioden.
Meir informasjon finn du på ammehjelpen.no:
Oppmjuking av mjølkespreng Mjølkespreng, mykje mjølk og overproduksjonTette mjølkegangar
Blir ein mjølkegang tett, kan drenasjen av mjølka bli hemma. Barnet greier ikkje tømme dei mjølkekjertlane/mjølke reservoara som ligg bak den tette mjølkegangen. Brystet ditt blir då ømt og raudflamma med smerter/ubehag over det området der den tette mjølkegangen er. Du kan få lett feber.
Det kan vere lurt å legge barnet til brystet slik at haka til barnet vender mot det ømme området av brystet. Dette gjer det lettere for barnet å løyse opp tilstoppinga og tømme brystet. Når brysta er tømt, vil feber og smerter/ubehag gå over. Men om tilstanden ikkje blir betre i løpet av eit par døgn eller du føler deg sjuk sjølv om barnet har amma og brystet kjennest «tomt», må du oppsøke lege.
Brystbetennelse og tette mjølkegangar blir ofte forveksla fordi symptoma kan vere like.
Les meir om tette mjølkegonger på ammehjelpen.noBrystbetennelse
Brystbetennelse er ein tilstand som krev behandling. Brystet blir då raudt, varmt, vondt, du kan få høg feber (over 39,5 grader) og generell sjukdomskjensle, influensasymptom.
Ved mistanke om tette mjølkegangar eller brystbetennelse skal brystet ha ro.
Anbefalingane er :
- amme som normalt på etterspørsel frå barnet
- bruke kalde omslag i 10-20 minutt mellom amming for å få ned heving i brystvevet
- ta betennelsesdempande / smertestillande ved behov
- IKKJE massere brystet
- varme omslag på brystet rett før amming kan lette utdrivinga av mjølk
Hvis du mistenker brystbetennelse vil dette vere førstevalget som behandling i 12-24 timer. Kontakt lege før dette dersom du i løpet av dette døgnet blir mykje dårligare, får høg feber, kvalme, oppkast eller får meir vondt i brystet. Du kan da ha behov for antibiotika.
Legen vil da ta prøver av mjølka di og frå sår du ev. har på brystknoppen. Dette er for å finne ut kva for bakteriar som er årsak til betennelsen, slik at du kan få rett behandling.
Les meir om brystbetennelse på ammehjelpen.no