ADHD hender ofte saman med andre psykiske lidingar, og derfor blir det gjennomført ei brei utgreiing i BUP. For å gi rett diagnose og riktig behandling, vil BUP snakke med barnet/ungdommen og dei føresette om mange forskjellige område i livet, tankar og kjensler, andre sjukdommar eller vanskar, korleis det går heime i familien, på skulen og saman med andre. For å få ei brei forståing kan BUP avtale å snakke med andre som kjenner barnet/ungdommen, som til dømes lærarar.
Utgreiingsplanane blir laga saman med barnet/ungdommen og dei føresette slik at den passar best mogleg. Utgreiingsplanen inneheld namn på behandlaren med hovudansvar, namn på andre som skal delta i utgreiinga, liste over planlagde utgreiingar og ein hypotese på kor lang tid utgreiinga vil ta. Utgreiinga kan strekke seg over nokre månader, og skal gi svar på om BUP tilrår vidare behandling og kva behandlinga i så fall skal bestå av.
