HELSENORGE
Gynekologisk poliklinikk

Abort - Spontanabort

Opp til 20 prosent av alle svangerskap ender med spontanabort, så det er dessverre ganske vanleg.

Innleiing

Ein spontanabort vekkjer ofte mange kjensler. Alle som opplever det reagerer ulikt, men det kan vere godt å vite at det er normalt å føle seg tom og sorgfull. Det er også vanleg å ikkje hugse all den informasjonen du får ved undersøkinga og behandlinga, fordi det ikkje er så lett å ta i mot informasjon under ei påkjenning.

Årsaker til spontanabort

Spontanabort er vanleg. Opp til 20 % av alle svangerskap ender slik. Årsakene er mange. Det kan ha oppstått genetiske defektar (feil i arvestoffa) og misdanningar hos fosteret (50–75 % av tilfella). Det kan vere utviklingsfeil i morkaka. I nokon tilfelle kan infeksjonar kan vere forklaringa.

Ved mange spontanabortar kjenner vi ikkje forklaringa, men det er viktig å vite at det er ingenting du sjølv gjer eller ikkje gjer som framkallar aborten eller kan forhindra den. Helsevesenet kan heller ikkje gjere noko for å hindre naturens gong i slike tilfelle.

Før

Symptom

Som regel har den gravide mistanke om at noko er galt fordi ho får små blødingar, menstruasjonsliknande smerter, eller at kjensla av å vere gravid blir borte. Ei bløding i løpet av dei tre første månadene kan vere ein trugande abort, men er det som oftast ikkje. Ein sjeldan gong kan symptom på abort vere heilt fråverande, og då blir det først oppdaga under ei rutineundersøking.

Diagnose

Diagnosen blir stilt ved at legen får opplysningar om svangerskapsforløpet så langt, og at det blir utført vanleg underlivsundersøking, ofte ved hjelp av ultralyd.Om lag seks veker ut i svangerskapet, kan vi måle storleiken på fosteret. Nokon gonger er det behov for å ta blodprøver. Graviditetshormonet (HCG) som blir målt med to dagars mellomrom, kan gi viktig informasjon.

Om nivået av graviditetshormonet stadig aukar, er det ofte teikn på at alt er som normalt i svangerskapet, men om nivået søkk, er det større sjanse for at du har ei spontanabort.

Under

Behandling

Kva slags behandling du får etter at vi har oppdaga spontanabort, blir bestemt ut frå kor langt du er i svangerskapet og som følgje av funna ved undersøkinga.

I eit svangerskap som har vart i kort tid, eller der kroppen din har støtt ut fosteret ut av seg sjølv, blir det som regel ikkje gitt behandling fordi livmora tømmer seg sjølv. I nokon tilfelle vil legen bestemme at du skal få medikamentell behandling.

Utskraping
Eit alternativ kan vere å ta utskraping frå livmora. Det blir gjort dersom det er rikeleg innhald i livmora eller dersom ei rikeleg bløding ikkje stoppar av seg sjølv i løpet av ein dag eller to. Slik kan vi korte ned tida og plagene bli redusert. Infeksjon er sjeldan. Symptom på infeksjon er feber, smerte og eventuelt aukande bløding.

Dersom du får symptom på infeksjon eller graviditetsfølelsen ikkje forsvinn, bør du ta kontakt med eigen lege / gynekolog eller Seksjon for generell gynekologi på Kvinneklinikken. Det vevet som blir fjerna ved utskraping blir nokon gonger sendt til undersøking for å vere sikker på at det verkeleg var snakk om ein graviditet.

Dersom svangerskapet har vart i lenger enn 13 veker (vi ser det ut frå storleiken på fosteret), kan du velje om det fosteret skal bli gravlagt, settast ned i ein anonym minnelund for aborterte fostre, eller bli behandla som biologisk materiale. Vi kan forklare deg nærmare om kva dette er snakk om dersom du ønskjer meir informasjon. 

 

Etter

Tida etterpå

Etter utskraping eller ved spontanabort, er det normalt å blø som ved ein liten menstruasjon i nokre dagar og opp til 2 veker. Nokon har også svake menstruasjonssmerter.

Du behøver ikkje ta nokre forholdsreglar med omsyn til fysisk aktivitet, men så lenge du blør er det naturleg å halde seg unna samleie og bad i badekar / symjehall. Du bør og bruke bind, ikkje tampong, for å unngå infeksjon i livmora.

Vi anbefaler at du ventar til etter første menstruasjon med å prøve å bli gravid igjen. Ei menstruasjonsbløding vil vanlegvis komme etter om lag ein månad, og kan vere litt kraftigare og litt meir smertefull enn elles.

Vil du begynne med p-piller kan du starte den dagen du har sjølve aborten eller utskrapinga skjer, eller dagen etter.

Ved behov kan du bli sjukemeld eit par–tre dagar i samband med spontanaborten.

Les meir om spontanabort på Helsebiblioteket sine nettsider

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?