Abortmetoder
Det er to metodar for å avbryte svangerskapet: Kirurgisk og medikamentell. Medikamentell abort er i dag den mest vanlege abortmetoden. Kirurgisk abort blir kun utført i spesielle tilfelle.
Dei fleste sjukehusa tilbyr begge metodane, og det er fritt sjukehusval. Du kan kontakte sjukehuset og høyre kva metodar dei tilbyr.
Medikamentell abort
Medikamentell abort er i dag den mest vanlege metoden. Aborten startar ved at du får éin tablett med mifepriston (Mifegyne®) av sjukepleiar på Gynekologisk poliklinikk.
Verkestoffet i tabletten gjer at livmora ikkje lenger reagerer på kroppen sitt eige graviditetsbevarande hormon progesteron. Dermed blir den vidare utviklinga av graviditeten stansa. Når tabletten er tatt har aborten starta. Du bør då fullføre aborten.
Etter at du har tatt tabletten drar du heim, og vi anbefaler at du prøver å leve så normalt som mogleg. I løpet av dei neste to dagane kan du bli kvalm, begynne å blø og få menstruasjonsliknande smerter.
Etter to døgn skal du fullføre aborten. Du kan komme tilbake på sjukehuset, eller velje å fullføre heime dersom forholda ligg til rette for det. Kor hen du ønskjer å fullføre aborten må du bestemme i løpet av den første konsultasjonen på sjukehuset.
Medikamentell abort på sjukehuset
1-2 døgn etter at du har tatt den første tabletten, blir du lagt inn på dagavdelinga. Du set sjølv fire tablettar med misoprostol (Cytotec®) inn i skjeden, og tek deretter smertestillande tablettar.
Misoprostol gjer at livmora trekkjer seg saman. Dette kan gi ein del smerter, og kan opplevast på same måte som ved ein spontan abort. Vi prøver å gjere situasjonen så lite smertefull som mogleg, og tilbyr smertestillande medisinar etter behov.
I løpet av dei neste 4-6 timane vil dei fleste abortere. Du kan ete og drikke det du vil. Det er ein fordel at du er i aktivitet då dette får fortgang i prosessen. Sjølve aborten inneber bløding med koaglar / klumpar, og kan samanliknast med dei første dagane av ein menstruasjon, kanskje med litt sterkare smerte. Dei fleste reiser heim same dag.
Brosjyre - Abort på sjukehuset
Medical abortion at the hospital
Medikamentell abort heime
Ved dei aller fleste sjukehusa kan friske kvinner velje å fullføre aborten heime dersom svangerskapet har vart under 9 veker. Du må ha ein vaksen person hos deg den dagen du aborterer. Gangen i aborten heime er slik som ved innlegging på sjukehus.
Du får med deg Cytotec® som du skal setje inn i skjeden om morgonen to dagar etter du fikk Mifegyn. Deretter tek du smertestillande tablettar som du har fått med deg frå poliklinikken.
Brosjyre - Medikamentell heimeabort
Medical abortion at home
Etter ein medikamentell abort
Etter aborten vil dei fleste blø mindre og mindre i 2-3 veker. Så lenge du blør skal du bruke bind, ikkje tampong. Du bør unngå samleie dei 2 første vekene i etterkant av aborten, eller så lenge du blør. Om du treng sjukmelding utover eigenmelding, kan du bli sjukemeld i 1-2 dagar frå og med den dagen du tek Cytotec.
Det er vanlegvis lite biverknader ved behandlinga. Dei mest vanlege plagene er rikeleg bløding og magesmerter. Faren for infeksjon er låg.