På denne sida finn du oversikt over einingane som skal inn i Glasblokkene i haust. Det vil også komme informasjon om eventuelle endringar i kontaktinformasjon, melderutiner eller tilvising og anna frå einingane. Sida vil bli oppdatert.
Barne- og ungdomsklinikken
Barne- og ungdomsklinikken flyttar ut frå Marie Joys' hus og vil helde til i Glasblokkene frå 23. oktober. Barne- og ungdomsklinikken sine einingar som har vore i trinn 1 (blokk 1-4) skal fortsatt være der, medan dei andre no flytter over til det nyopna nabobygget (blokk 5-8).
Barne- og ungdomsklinikken er organisert som før, men har delt inn poliklinikkane etter fagområder. Sengeposter har også fått nye navn.
Mottaket i Marie Joys' hus vert også flytta til Glasblokkene, og tar i mot paseintar som tidlegare. Det er ein ny innkøring for ambulanser som går mellolm GLasblokkene og Sentralblokka og ned i parkeringsdekket og inngangen her. Kvinner som kjem i privatbil når dei skal føde vil også nytte ambulanseinngangen og går via mottak til fødeavdelinga.
Dei kirurgiske poliklinikkane
Dei kiurgiske poliklnikkane har fram til no delt lokaler med vakseneningane i Senralblokka. Aktiivtet knytta til barn og unge er no skilt ut, og flyttar inn i Glasblokkene. dette gjelde følgane poliklinikkar:
- Øyre-, nase-, halspoliklinikk, barn og unge
- Kjevepoliklinikk, barn og unge
- Plastikkirurgisk poliklinikk, barn og unge
- Ortopedisk poliklinikk, barn og unge
- Fysioterapi, Kvinneklinikken (Blokk 8)
- Fysioterapi, barn og unge
Radiolog avdeling, barn og unge
I Glasblokkene vil barn og unge få radiologiske tjenester som røntgen, gjennomlysning, ultralyd, MR og OPG/ CBCT. Radiologisk held til i U1.
Blodprøvetaking og laboratorium
Laboratoriet er lokalisert i første etasje, blokk 6. Dette er i samme areal som hovedinngangen, bak resepsjonen. Opningstid for prøvetaking er mandag til fredag kl. 08.00 til 15:30. Det er ikkje timebestilling til blodprøvetaking i opningstida. Pasientane må nytte innsjekksautomat med “drop in” funksjon for blodprøvetaking.
Medisinsk klinikk
Medisinsk klinikk vil også ha tenester i Glasblokkene
- Klinisk ernæring, barn og unge
- Sosionomtenester, barn og unge
Palliativ sengepost
Eininga flyttar inn i 5. etasje i blokk 5 i Glasblokkene.
Kvinneklinikken
Kvinneklinikken flyttar inn 7. november 2023. Du finn all naudsynt informasjon på eigne sider: helse-bergen.no/KKflyttar
Operasjon
Det er 12 operasjonssaler i Glasblokkene. Vi tar i bruk dei 6 stovene i U2 for pasientar frå Kvinneklinikken i novemver. Frå 2023 vi gradvis ta i bruk stovene i U1 for kirugi på barn.
Sida vil bli oppdatert.