Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Provokasjon

Matvareprovokasjon er viktig i utgreiinga av matvareallergi/overfølsomhet, og er ofte nødvendig for å kunne stilla diagnosen.

Ved å gje pasienten kontrollerte mengder av den matvara me mistenkjer at pasienten reagerer på, kan me undersøkja om, og i tilfelle korleis, pasienten reagerer. Ein startar forsiktig og gjev matvara i aukande dosar. 

Legemiddelprovokasjon har som føremål å få stadfesta eller avkrefta reaksjon på medisinen, og eventuelt å finne sikre alternativ. Provokasjonen vil gjennomførast ved at pasienten anten skal svelgja medisinen, eller få den rett i blodet via ein kanyle/veneflon.  

Matvare- og legemiddelprovokasjon går føre seg under overvaking av erfaren sjukepleiar for raskt å kunna oppdaga reaksjonar og gje behandling ved behov. 

Et bord med forskjellige gjenstander på
Eksempler på mistenkte matvarer og medisiner som brukes under provokasjonen

 

Sist oppdatert 11.11.2024