Hyperbar oksygenbehandling (planlagt)
Ved hyperbar oksygenbehandling blir pasientar med ulike sjukdomstilstandar behandla med 100% oksygen under auka omgjevnadstrykk.
Planlagt behandling går føre seg i seks einmannstrykkammer. Hyperbar oksygenbehandling blir gitt som ei poliklinisk seriebehandling fem dagar per veke, måndag – fredag. Kvar behandling tar om lag to timar. Lengda på behandlingsperioda varierer frå to, fire eller seks veker. Det er pasientens tilstand som avgjer kor lenge behandlinga varer. Behandlinga blir ordinert av lege.
Erfarne sjukepleiarar drifter og utfører alle planlagde behandlingar i einmannstrykkammer.
Hyperbar oksygenbehandling, planlagt - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)
Sist oppdatert 05.11.2024