HELSENORGE

Prosjekt

Her finn du oversikt over våre prosjekt.

​Prosjekt Kompetanseheving matallergi i primærhelsetenesta

Prosjektet er eit samarbeid mellom dei fire RAAO og Helsedirektoratet, delfinansiert av Helsedirektoratet

Prosjektmål

Oppnå ei felles forståing og praksis nasjonalt for handtering av matallergi. Gjera dei nye tilrådingane for handtering av nøtteallergi og annan matallergi i skular og barnehagar godt kjent og implementert i primærhelsetenesta generelt, og skulehelsetenesta spesielt

Delmål

  • RAAO har ei einskapleg tilnærming til, og opplæring av, primærhelsetenesta.
  • Fastlegar og helsesjukepleiarar har kjennskap til tilrådingar om matallergi i skular og barnehagar, og kunnskap til å gi pasientane sine råd, rettleiing og tilvising vidare ved behov.
  • Skulehelsetenesta har kompetanse og ferdigheiter til å følgja opp tilrådingar om matallergi i skular.
  • Skulehelsetenesta har tilgang på einskapleg, kvalitetssikra materiell til hjelp i undervisning av personale på skular og aktivitetsskular/skulefritidsordning.
  • Skulehelsetenesta har materiell til kvalitetssikring av individuelle planar for barn med alvorleg matallergi i skular

Tiltak

  • RAAO sjukepleiarnettverk utviklar felles materiell på tvers av regionane.
  • Materiell til undervisning i skulehelsetenesta kvalitetssikres gjennom RAAOs nettverk. 
  • Kompetanseoverføring til primærhelsetenesta gjennom Nidaroskongressen og Primærmedisinsk veke, og andre arenaer.
  • Strukturert kursing av helsesjukepleiarar og implementering av materiell.
  • Oppretting av regionsvise nettverk av helsesjukeplaiarar som kan vidareføra arbeidet lokalt.
  • Oppfølging av helsesjukepleiarnettverk blir samkøyrd på tvers av regionane.

Organisering

Det er oppretta eit samarbeid med brukarrepresentantar frå LHL Astma og Allergi, Astma og Allergiforbundet og Landsgruppa av Helsesjukepleiarar NSF for gjennomføring av prosjektet. Koordinatorane står ansvarleg for gjennomføringa for prosjektet.

Den første fasen for prosjektet vart avslutta formelt i desember 2018, men vidare finansiering frå Helsedirektoratet har gitt høve til at arbeidet blir vidareført ved RAAO og nettverka deira.

Fann du det du leita etter?