Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Matvareprovokasjon

Matvareprovokasjon er viktig i utgreiinga av matvareallergi/-overfølsomd og er ofte nødvendig for å kunne stilla diagnosen. Ved å gje deg kontrollerte mengder av den matvara me mistenkjer at du reagerer på, kan me undersøkja om, og i tilfelle korleis, du reagerer. Provokasjonen vert utført på poliklinikken i trygge rammer. Me startar forsiktig og gjer deg matvara i aukande dosar. Testinga går føre seg under overvaking for raskt å kunna oppdaga reaksjonar og gje behandling ved behov.

FØR

Kva matvare som skal testast og i kva form ho skal gjevast, vert avtalt på førehand. Du kan bli beden om å sjølv å ta med deg matvara til provokasjonen. Aktuell matvare må vera fjerna frå kosten i minst to veker før provokasjon. Du kan innta eit lite, fettfattig måltid inntil 2 timar før testen.

For eit påliteleg resultat og ei trygg undersøking er det viktig å unngå visse medisiner:​
Steroider (t.d. Prednisolon, Dexametason)                                        7 dager
Antihistaminer (t.d. Cetirizin, Aerius, Loratadin, Zyrtec, Telfast)        7 dager
Leukotrien antagonister (t.d. Montelukast/Singulair)                        7 dager
Betablokkere (t.d. Selo-Zok, Metoprolol, Atenolol, Trandate)           24 timer
ACE-hemmere (t.d. Renitec, Zestoretic, Enalapril, Zanipress)           24 timer
NSAIDs (t.d. Ibux, Voltaren, Naproxen, Acetylsalisylsyre)              24 timer

Om du bruker astmamedisiner skal du ta desse som vanlig. 
På testdagen skal du vera frisk, dvs. ikkje vera forkjøla, ha astmasymptom eller feber. Eksem bør vera så godt kontrollert som mogleg. Du bør ikkje ha pågåande utbrot av elveblest. 
Gravide vert ikkje provosert. Heller ikkje pollenallergikarar i pollensesongen.
Ta kontakt om du er sjuk, har nedsett allmenntilstand eller bruker antibiotika. I så fall må testen utsetjast. Gje oss beskjed i god tid om det har vore endringar i helsetilstanden din sidan sist du var hos oss

UNDER

På testdagen vert du undersøkt av lege. 
Før oppstart vert det målt puls, blodtrykk og PEF (toppfarten på lufta som blir pusta ut). Deretter inntek du matvara som skal testast ut. Først i små mengder og så i gradvis aukande dosar. Vanlegvis vert dosane gjeven med 15—30 minutts intervall. Om du ser ut til å tola matvara, vil den siste dosen svara til ein normalporsjon. Sjukepleiar er til stades under heile testen. Dersom du får ein allergisk reaksjon, vert testen avslutta, og det kan bli gjeven medikamentell behandling på avdelinga. 
Etter avslutta test vert du verande på poliklinikken i 1-2 timar for observasjon.  Det blir samtale med lege før heimreise. Heile prosedyren kan ta 2-5 timar, og du kan ikkje forlate poliklinikken i​ denne perioden.

ETTER

Du bør ta det med ro resten av dagen etter at du har vore til provokasjon. Dersom du får reaksjon etter at du har forlate poliklinikken, kan du behandla dette sjølv med allergimedisin/antihistamin. Ta kontakt med oss dagen etter slik at me kan registrera reaksjonen i journalen din. 
Alvorlege senreaksjoner (til dømes pusteproblemer) er svært sjeldan. Dersom dette skjer, må du kontakta oss umiddelbart. Etter kl. 15.30 må du ta kontakt med legevakt eller ringja 113
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål, ring oss gjerne på telefon 55 97 38 70/75 mellom kl. 08.00 og 15.30 måndag-fredag.





Sist oppdatert 03.10.2023