Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Legemiddelprovokasjon

Har du opplevd uønska reaksjonar på ein medisin og det er mistanke om allergi, er det ofte nødvendig å gjennomføra ein provokasjon. Formålet med provokasjonen er å få stadfesta eller avkrefta reaksjon på medisinen, og eventuelt å finne sikre alternativ. Provokasjonen vil gjennomførast ved at du anten skal svelgja medisinen, eller at du vil få den rett i blodet via en kanyle/veneflon. Dette vil du bli informert om på førehand.

​FØR

Du bør ha vore frisk dei siste 1-2 veker før provokasjonen. Om det er endringar i helsetilstanden din etter at du var hos oss sist, eller du har byrja på medisinar for høgt blodtrykk, vil me gjerne at du tek kontakt med oss. Du skal ta dei faste medisinane dine som vanleg, også medisinar mot astma eller KOLS. Før du kjem til poliklinkken bør du ha ete eit lett måltid.
Provokasjonen vil ikkje bli gjennomført dersom du er gravid, og du kan ikkje ha med deg barn utan ein vaksen som kan sjå etter barnet.

UNDER

Provokasjonen startar med at sjukepleiar måler blodtrykk, puls, og gjer ein pusteprøve. Dette blir gjenteke ved behov og etter provokasjonen. 
Dersom du skal få medisinen rett i blodet vil sjukepleiar leggja inn ein kanyle (veneflon) i handa di. Denne blir fjerna før du forlet poliklinikken. Du vil få ein eller fleire dosar medisin som blir gitt med om lag 30 minutts mellomrom. Etter at all medisinen er gitt, må du observerast i poliklinikken i 60 minutter. Provokasjonen tek ca 2-3 timar. 
Får du uønskte reaksjonar, vil dette bli behandla med medisinar, og det kan vera at observasjonstida må forlengjast. Du kan ikkje forlata poliklinikken medan provokasjonen går føre seg.

ETTER

Du bør ta det med ro resten av provokasjonsdagen. Om du opplever reaksjonar i etterkant, ønskjer me at du tek kontakt med poliklinikken slik at me kan dokumentera det i journalen din. 
Alvorlege seinreaksjonar (til dømes pusteproblemer) er svært sjeldan. Dersom dette skjer, må du kontakta oss umiddelbart. Etter kl. 15.30 må du ta kontakt med legevakt eller ringja 113.
Kontaktinformasjon:
Har du spørsmål kan du ringe oss på telefon 55 97 38 70/75 mellom kl. 08.00 og 15.30 måndag-fredag.



Sist oppdatert 03.10.2023