Tilvising - informasjon til helsepersonell

Nasjonal behandlingsteneste i hyperbar oksygenbehandling, har landsfunksjon for planlagd hyperbar oksygenbehandling (HBO). Vi skil mellom planlagt og akutt hyperbarmedisinsk oksygenbehandling.

Trykkammer.Foto.
 

Her finn du informasjon om indikasjonar og tilvising til planlagt hyperbar oksygenbehandling.  

Informasjonsbrosjyre hyperbarmedisin (pdf)

Indikasjonar for planlagt HBO

  • Stråleskadar (etter radioterapi) i hovud-/ halsområdet  (xerostomi, dysfagi, dysartri, sår i bestrålte slimhinner, planlagd tannbehandling i bestrålt underkjeve, osteoradionekrose, chondroradionekrose)  
  • Stråleproctitt (etter radioterapi)  
  • Strålecystitt (etter radioterapi)  
  • Stråleskada bekkenregion (etter radioterapi)  
  • Kronisk osteomyelitt der anna behandling ikkje har ført fram og der mikroben er verifisert ved dyrking av adekvat beinbiopsi. HBO vil vere tilleggsbehandling til antibiotika og kirurgi.  
  • Kroniske hypoksiske sår kor makrosirkulasjonen er velbevart: Diabetiske fotsår.     

Kontraindikasjonar for HBO

  • KOLS klasse Gould 2b eller verre  
  • Alvorleg hjartesvikt/ustabil angina/nyleg hjarteinfarkt  
  • Emfysematøse bullae på rtg thorax  
  • Underventilerte lungeavsnitt (statiske atelektasar blir akseptert)  
  • Pneumothoraxkappe  
  • Aktiv cancersjukdom  
  • Bleomycinterapi i sjukehistoria  
  • Pågåande bruk av Antabus  
  • Kunstige øyrebeinsknoklar (må vurderast av operatøren om dei vil tåle trykksetting)  
  • Graviditet 

Tilvising til hyperbar oksygenbehandling for pasientar med:

Send tilvisinga til

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Seksjon for hyperbarmedisin
Yrkesmedisinsk avdeling
Postboks 1400
5021 Bergen

Kontakttelefon
55 97 39 74


Ventetid

For dei fleste kroniske tilstandar vil det vere garantitid for start av behandling innan seks månadar. For enkelte tilstandar som osteoradionekrosar og stråleskadar som medfører transfusjonskrevjande blødingar vil det vere garanti for start av behandling innan 3 månadar og vi vil forsøkje å rydde plass for pasienten så raskt vi kan.  

Det vil ikkje bli vurdert behandling av pasientar med andre tilstandar enn dei på lista over indikasjonar då all vår kapasitet er fullt utnytta.

 

Slik føregår behandlinga

Første dag møter pasientane til felles informasjonsmøte. Deretter har dei ein legekonsultasjon og blir etter dette vist rundt i trykkammeranlegget. Første behandling i trykkammer skjer seinare same dag.
                                                
Behandlinga skjer poliklinisk fem dagar i veka i alt frå 2 til 6 veker. Kvar behandling varar godt og vel to timar. Tilreisande pasientar bur vanlegvis på Haukeland hotell (pasienthotell) og er ikkje innlagt i institusjonen. Pasientane betalar poliklinikktakst for kvar behandling fram til frikortgrensa er nådd. 

 

Tilreisande polikliniske pasientar har rett på å få dekka heimreise i helgene dersom dei ønskjer dette. Det skal vere medisinsk grunn for at pasientar eventuelt får rekvisisjon på drosje mellom hotell og flyplass. Det at det er upraktisk å kome seg til og frå flyplassen er ikkje grunn til å få tildelt rekvisisjon. Alle får dekka billegaste reisemåte (flybuss og buss til og frå flyplassen). 

Behandlinga skjer i seks einmanns trykkammer. Tre pasientar om gongen møter til behandling: kl. 07.45, kl. 08.00, kl. 09.45, kl. 10.00, kl. 11.45, kl. 12.00, kl. 13.45 og kl. 14.00. Pasientane har ikkje anledning til å bestemme sjølve kva tid på dagen dei vil få behandling.  

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.