Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dykking - akuttmedisin

Her finn du informasjon om akuttbehandling av dykkeskadar og akutt hyperbar oksygenbehandling (HBO) av dykkarsjuke.

Dykketank. Foto.

Vi har  dykkemedisinsk vaktberedskap heile døgnet for Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal  og Trøndelag. 

Ved dykkarulykke, ring 113 og be om næraste dykkarlege.

 
Om det ikkje er øyeblikkelig hjelp, men det haster med å få kontakt med dykkelege i Bergen, kontakt oss via AMK-sentralen på telefon 55 36 17 00.
 
Om det gjeld spørsmål kring sertifisering eller undersøking av sports- eller yrkesdykkarar, kontakt Undervannsbåt/Dykkerlegens avdeling på Haakonsvern på telefon 55 50 21 59 / 60

Gi tydeleg beskjed om dykkarulykke

AMK-sentralane har spesifikke prosedyrar som beskriv vidare oppfølging.

Det finst fleire akutte tilstandar som kan skuldast dykking, og det er viktig å kjenne til dei vanlegaste symptoma.

Ved trykkfallsjuke oppstår det skadar grunna gassovermetting. Dette skjer når det dannar seg gassbobler i blod og anna vev fordi gass som er oppløyst i kroppsvæskene ikkje får tid til å skillast ut via lungene ved for rask oppstiging. Desse boblene blokkerer mikrosirkulasjonen og aktiverer ein rekkje biokjemiske prosessar som kan føre med seg helseskade.

Kva er eigentleg symptoma på trykkfallsjuke?

Symptoma ved trykkfallsjuke er så varierte og så mange at det blir for omfattande å liste opp alle, men etter vår erfaring er dette dei vanlegaste:

  • Trøyttleik (unormalt mykje)
  • Hovudpine
  • Nomen, prikkingar, stikkingar i bein eller armar
  • Kraftsvekking i bein eller armar
  • Svimmelheit
  • Leddsmerter (typisk store ledd, vanlegvis berre på eine sida, blir ikkje forsterka av rørsle, smerteavlasting ved å halde leddet i halvt bøya stilling)
  • Hudkløe, eventuelt med utslett

Ver merksam på at lista på ingen måte er fullstendig. Særleg kan trykkfallsjuke som rammar nervesystemet (ryggmarg og hjerne) gi ei rekkje andre symptom.

Hovudregelen er: Er du i tvil, så er det ingen tvil - kontakt lege!

​Vi h​ar døgnkontinuerlig dykkemedisinsk vaktberedskap. Kontakt oss via AMK-sentralen - telefon 113

Om pasienten ikkje er vaken, sikre frie luftvegar og sjekk om pasienten pustar normalt. Om  ikkje: Start hjarte- lungeredning.

  • Oksygen
    Gi 100% oksygen kontinuerleg.
  • Leie
    Plasser pasienten i behageleg leie.
  • Drikke
    Vakne pasientar bør gis rikeleg klar drikke. Unngå kaffi, te og alkohol.
  • Pasienten skal ikkje røyke.

For meir informasjon, sjå brosjyra: Initial diagnose og behandling av dykkeskadar (pdf)

Tiltak ved utelaten dekompresjon og ukontrollert oppstigning
Om dykkaren har overskrid dykketabell eller dykkecomputer, (utelaten dekompresjon) utan å få symptom: Følg anbefalingane i dykketabellane, og kontakt oss via AMK-sentralen - telefon 113.

På generelt grunnlag skil ein gjerne mellom to grupper dykkeskadar på bakgrunn av årsaksmekanismen.

Initial diagnose og behandling av dykkeskadar (pdf)

1. Barotraume

Dette er volumendringar av gass som finst i kroppen sine luftfylte holrom som kan forårsake direkte skadar; hyppigast i biholer, øyre og lunger. Dette skjer som oftast under rask ned- eller oppstiging.

2. Trykkfallsjuke

Skadar forårsaka av gassovermetting. Gassbobler blir danna i blod og anna vev fordi gass som er oppløyst i kroppsvæskene ikkje får tid til å skillast ut via lungene ved for rask oppstiging.

Desse boblene blokkerer mikrosirkulasjonen og aktiverer ei rekkje biokjemiske prosessar som kan føre med seg helseskade.

Risikofaktorar

Ved rask eller ukontrollert oppstiging grunna utstyrsfeil eller panikk, kan det lett oppstå barotraume (lungesprenging om ein har halde pusten under oppstiging) og trykkfallsjuke. Nærdrukning kan òg vere mogeleg.

  • Redusert allmenntilstand før dykk (sjukdom / bakrus)
  • Manglande dekompresjonstid
  • Maksimal utnytting av tabell
  • Gjentekne dykk same dag eller påfølgande dagar
  • Ugunstig dykkeprofil (jojo-dykk)
  • Tidlegare trykkfallsjuke
  • Anstrengande dykk
  • Dykking i kaldt vatn
  • Alder over 45 år, overvekt
  • Manglande opplæring / sviktande sikkerheitsrutinar
  • Fysisk aktivitet etter dykk
  • Flyreisar / høgfjellsovergangar kort tid etter dykk
  • Røyking
  • Inntak av kaffe / te / alkohol (vatndrivande)

Diagnose

Det er viktig med rask og korrekt diagnose. Invalidiserande trykkfallsjuke kan oppstå raskt eller gradvis i dei fyrste timane etter dykk. Dersom det har gått meir enn 24 timar frå siste dykk til symptoma oppstår, er det mindre sannsynleg at dei skuldast trykkfallsjuke.

Trykkfallsjuke kan likne akutte nevrologiske sjukdommar med progredierande, oftast flekkvise parestesiar, smertar i store ledd, paresar, paralyse, svimmelheit eller ustøheit. Røntgen eller annan biletdiagnostikk har liten plass i den initiale utgreiing (med unntak av mistanke om lungeskade), men kan utelukke annan patologi.

Det viktigaste er å få ein god anamnese med nøyaktig tidspunkt for teikn på symptomar knytta til dykket, og ein god nevrologisk vurdering med tanke på sensibilitet, kraft, hurtigheit, koordinasjon og balanse.

Om pasienten har dykka siste døgn, bør diagnosen trykkfallsjuke eller barotraume vurderast inntil dette er avkrefta i samråd med dykkekyndig lege. Tabellen under viser ei oversikt over ulike symptom på dykkerelaterte sjukdommar og mogelege andre årsakar:

Symptom / funnDykkerelatert sjukdomAndre årsakar
ParenstesiarTFSStram drakt / hanskar / seler
Smerte i store leddTFSBelastingsskadar
Smerter i øyreBarotraume Infeksjon
Smerter i biholerBarotraume Infeksjon
HovudpineTFSCO2-retensjon, tensjonshovudpine
Kraftsvekking TFS
Uttalt trøyttleik TFSFysisk slit
SvimmelheitTFSBarotraume med trommehinne perforering
Alternobar vertigo, Otolittstein
Hudkløe, marmorering TFSHudliding
Tung pust TFSNærdrukning, barotraume
HosteTFSNærdrukning, barotraume
KvalmeTFSSjøgang, forureina gass

Primærbehandling

Medvitslause pasientar skal ha vanleg førstehjelp med etablering av frie luftvegar og adekvat ventilasjon. Pustar pasienten sjølv, skal det giast 100 % oksygen på tettsittande maske med reservoar så raskt som mogeleg. Gasstraum bør vere minst 10 liter per minutt. Ved redusert bevisstheit leggast pasienten i stabilt sideleie.

Vidare behandling

  • Veneflon i stor vene
  • Infusjon med Ringer acetat eller NaCl 0,9 % 1000 ml per time til pasienten er velhydrert / har god diurese
  • Rikeleg å drikke dersom pasienten er vaken, men ikkje vatndrivande væsker som kaffe, te eller alkohol
  • Ved kramper - gi diazepam 5-10 mg intravenøst eller 10-20 mg rektalt
  • Ved smertar - kan gi paracetamol 1000 mg
  • Nøye overvaking før og under transport

Melding om og vurdering av behov for trykkammerbehandling

Ring 113 og be om å få kontakt med nærmaste dykkarlege.

Sørg for å ha gjort ein klinisk undersøking av pasienten, inklusiv ein orienterande nevrologisk undersøking, samt innhenta relevante anamnestiske opplysningar.

Transport

Transportmåte og prioritet avgjerast i samråd med dykkarlege. Dersom det ligg føre sentralnervøse symptom er det viktig med rask transport til næraste trykkammer med kvalifisert følgje. Pasienten skal heile tida puste 100 % oksygen. Ved bruk av helikoptar / luftambulanse bør ein ikkje overstige maksimal kabinhøgde 300 m.o.h.

Pasientar med mindre alvorlege symptom skal òg til trykkammer, men då er ikkje tidsfaktoren like avgjerande.

Kva for opplysningar bør innhentast?

Den viktigaste opplysninga er om pasienten har dykka dei siste 24 timane. Vidare bør ein spørre om:

  • pasienten var i god form før dykket?
  • dato og klokkeslett for når dykket starta?
  • kor djupt og kor lenge dykket varte?
  • korleis var dykket? Kaldt? Strevsamt?
  • var det trykkutlikningsproblem?
  • blei det dykka etter norske dykke- og behandlingstabellar eller etter computer? Varsling frå computer?
  • når oppsto dei fyrste symptoma - under nedstiging, på botn, under oppstiging eller etter dykket?
  • korleis utvikla symptoma seg seinare?

Dykkelogg, djupnmålar og eventuelt dykkecomputer bør følgje med pasienten til trykkammer om mogeleg.

NB! Undersøk alltid meddykkar, som også skal følgje med til trykkammer dersom vedkommande har symptom eller ved overskriden tabell.

Ved alvorlege ulukker er det viktig at utstyret blir tatt vare på og sendast til Høgskolen i Bergen, Dykkarutdanninga, for undersøking.

Norsk dykkeforbund har ein ulukkeskommisjon som går gjennom sportsdykkarulukker, mens yrkesdykkarulukker skal meldast til Arbeidstilsynet.

Dykking kan medføre akutte tilstandar som kan krevje korrekt behandling for å redusere risikoen for livstruande eller varige skadar. Dette kan eksempelvis vere:

  • Akutt svimmelheit, hovudverk 
  • Tungpust
    • Nærdrukning, immersjonslungeødem
  • Forgifting eller biverknader av pustegassen, 
  • Nedkjøling
  • Fysiske skader
    • muskel-skjelettskadar, belastningsskader,
  • Trykkskader, 
    • Øyre-nase-hals sjukdomar, skader og problem
  • Hudutslett og anna
  • Mentale endringar 
    • Psykiske skader og traumer etter næruhell, osv.
    • Trøyttleik,
    • Mentale endringar sekundært til andre tilstandar


Trykkammer. Foto.
 

Ved spørsmål eller ein kvar tvil om akutte tilstander:

  • Kontakt dykkarlege. Vi har dykkemedisinsk vaktberedskap heile døgeret. Kontakt oss via AMK-sentralen - Telefon 113


Kan eg dykke?
Seksjon for hyperbarmedisin sertifiserer ikkje dykkere. Om du lurer på om du kan dykke, kontakt Undervannsbåt/Dykkerlegens avdeling på Haakonsvern, telefon 55 50 21 59 / 60.

Se også:

www.dykketabeller.no

www.dykkemedisin.no

Retningslinjer for helseundersøking av fritidsdykkere (på engelsk) med norsk rettleiing

Helsekravveileder for arbeidsdykking

Sist oppdatert 16.09.2022