Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-Norge)

Registeret skal kartlegge kor mange som vert fedmeoperert i Norge, og gi eit bilete av kvaliteten på behandlinga. Opplysningar frå registeret vert nytta til å betre pasientbehandlinga, og kan bli brukt til forsking. 

Les meir om Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-Norge)

Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-Norge)

Registeret skal kartlegge kor mange som vert fedmeoperert i Norge, og gi eit bilete av kvaliteten på behandlinga. Opplysningar frå registeret vert nytta til å betre pasientbehandlinga, og kan bli brukt til forsking. 

Fedmekirurgi er eit fagfelt i stadig endring og utvikling, og SOReg bidrar til at ein systematisk kan granske effekten av slike endringar. Eit felles skandinavisk register gjer det mogeleg å samle inn opplysningar frå fleire land og dermed oppnå eit større samanlikningsgrunnlag for å kunne vurdere kvaliteten på og effekten av kirurgi.
Scandinavian Obesity Surgery Registry (SOReg) vart først utvikla og tatt i bruk i Sverige (SOReg-S) i 2007. Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N) er bygd opp i nært samarbeid med og på same måte som det svenske registeret.

SOReg-Norge fekk nasjonal status i 2015. Det norske registeret er drifta av Helse Vest HF, og målet er at alle som utfører fedmekirurgi i Norge skal kunne legge inn opplysningar om pasientane dei behandlar.

For deg som skal bli operert

På ditt samtykke vert det lagt inn opplysningar frå forundersøkingane til operasjonen, detaljar frå sjølve operasjonen, og frå oppfølging  etter 6 veker, 1 år, 2 år, 5 år og eventuelt 10 år. Eksempel på opplysningar er alder, vekt, fedmerelatert sjukdom som diabetes og høgt blodtrykk, operasjonsmetode og komplikasjonar.

Alle opplysningar om deg blir handsama med same krav til teieplikt og tryggleik som journalen din på sjukehuset. Dei opplysningane som kan identifisere deg blir berre nytta til kvalitetsforbetring. Ved analysar og samanlikningar på nasjonalt nivå vert personopplysningane fjerna. I tilfelle der opplysningar blir brukte til forsking blir dei anonymiserte.

Om samtykke og dine rettar

Å delta i kvalitetsregisteret er frivillig, og du vil bli spurt om å gi samtykke til at vi kan leggje inn opplysningar om deg i databasen. Du kan til ei kvar tid få innsyn i kva som er registrert om deg, få retta opp i eventuelle feil, eller få sletta opplysningane som er registrert.

Du har også rett til å avstå frå deltaking i kvalitetsregisteret utan at det har nokon innverknad på di behandling og oppfølging.

Kontaktinformasjon

Kontaktpersoner

Nasjonal koordinator
Elisabeth Heggernes
Telefon:
90 50 49 67/90 73 65 56
E-post: elisabeth.heggernes@helse-bergen.no

Registerleiar
Villy Våge
Telefon:
908 63 744
E-post: villy.vage@helse-bergen.no

Skjema og brukarrettleiing

Registerbeskriving og brukarmanual

Papirversjon til skjema i registeret og brukerveiledning for utfylling av variabler

Basisregistreringsskjema Operasjonsregistrering (RYGBP)Operasjonsregistrering (Sleeve)

Postop og 6-ukerskontroll

ÅrskontrollskjemaHåndbok for utfylling av variabler

Samtykkeskjema

Samtykkeskjema (nynorsk)Samtykkeskjema (bokmål) Samtykkeskjema (engelsk) Retningslinje for samtykke ved språklege hindringar

Årsrapport

Årsrapport 2015 (PDF)

Nordiske retningslinjer for kontroll og tilskudd av vitaminer

Sjå retningslinjene (PDF)

Spørsmål og svar

Her finn du svar på vanlege førespurnader.

Kva oppgåver har lokal koordinator i SOReg-N?Korleis søker eg om brukartilgang til SOReg?Korleis leggje inn ein revisjonsoperasjon i SOReg-N? Korleis føre ein avbroten operasjon i SOReg-N?Korleis føre ein komplikasjon i SOReg? Korleis føre i SOReg når ein ikkje får kontakt med pasienten for oppfølging?Når pasienten vil ikkje vege seg ved kontrollKorleis endre kjønn, namn og fødselsnummer? Korleis overføre pasient til anna sjukehus? Pasienten har allerede basisregistrering ved anna sjukehus

Kontakt

Aktuelle nyheiter

  • 04.05.2017
    Registerdagen i SOReg-N 2017

    SOReg-dagen vart avvikla 30 mars på Clarion hotell, Flesland. Det var godt frammøte frå alle kantar av landet med 47 påmeldte.