Det er lege ved Voss sjukehus som har det daglege behandlingsansvaret og vi har regelmessig visitt av nefrolog (nyrelege) frå Haukeland. Det blir teke blodprøvar regelmessig som blir vurdert av ansvarleg lege. Avdelinga har eigen nefrolog som har det daglege behandlingsansvaret .Avdelinga har eit nært samarbeid med nefrologisk seksjon og dialyseavdelinga på HUS.
Avdelinga har 8 behandlingsplassar der me tilbyr hemodialyse i tillegg til hemodiafiltrasjon. Me har sentralt vannrenseanlegg i same etasje. Antall dialysar ligg på om lag 1000 - 1500 årleg.
Skal du på ferie til Voss?
Me tek imot gjestepasientar ved ledig kapasitet. Kontakt avdelinga for nærare informasjon.
Rutine ved dialyse
Du møter til avtalt tid. Etter veging og blodtrykksmåling blir du kobla til dialysemaskina. Du blir overvåka av sjukepleiarar under heile behandlinga. Dialysetida kan variera frå 3-5 timar og behovet kan vera 2-4 gonger i veka.
Du får servert eit måltid og kan slappa av med aviser, TV , lydbøker og liknande.