Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ergoterapi Voss

Ergoterapeutane sin kompetanse er utgreiing og behandling/trening retta mot grunnleggande funksjoner for å meistre aktivitetar i dagliglivet.

​Individuelt pasientarbeid

Ergoterapeutane  gjev tilbod til inneliggande pasientar etter tilvising frå lege. Tiltak kan være:
  • ​Vurdering og trening i daglege aktiviteter som t.d. personleg hygiene, av- og påkledning, lage seg mat, trakte kaffi, forsyne seg og ete.
  • Kognitiv vurdering 
  • Førerkortvurdering 
  • Vurdering av finmotorikk og sensibilitet
  • Synsscreening
  • Tilpassing av hjelpemiddel under opphaldet,- t.d. rullestol og trykkavlastande puter
  • Vurdering av trong for hjelpemiddel i heimen, hjelpemiddelbestilling/søknad og kontakt med kommunale hjelpemiddellager 
Ergoterapeutane gjev og eit poliklinisk tilbod om førerkortvurdering etter tilvising frå legar ved Voss sjukehus eller fastlegar.
 

Nettverksarbeid

  • ​Samarbeid med kommunale ergoterapeutar i høve pasientarbeid
  • Internundervisning i høve ergoterapi
  • Delta i arbeidsgruppe i høve internundervisning på ​Voss sjukehus
  • Delta i ergoterapinettverket i Lokalsjukehusområdet
  • Delta i Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling, Helse Bergen foretaksområde
  • Medlem i ParkinsonNet, tverrfagleg nettverk i helseregionen
  • Deltar i forløpsgrupper for hoftenære brot og hjerneslag.​

Sist oppdatert 27.05.2022