To kirurger som opererer sammen. Foto.

Kirurgisk avdeling - Voss

Kirurgisk avdeling er ein heildøgnpost innanfor gastro (mage/tarm), generell kirurgi, ortopedi (muskel og skjelett) og gynekologi.

Avdelinga har tilsaman 27 senger og som pasient hjå oss er du enten innlagt for ein planlagt operasjon eller som øyeblikkeleg hjelp. Planlagde operasjonar kan til dømes vere operasjonar i mage/tarm, fedmeoperasjon, brokkoperasjon, fjerning av galleblæreoperasjon, hofte – og kneprotesoperasjon, og ulike gynekologiske operasjonar.  Nokre pasientar som er innlagt som øyeblikkeleg hjelp vil også få behov for eit kirurgisk inngrep. Ein kan ha sjukdom eller skadar i mage/tarm, muskel eller skjelett som krev at du vert operert. Det kan til dømes vere blindtarmbetennelse eller ulike brotskadar.  Me tek hand om  og klargjer pasientar i førekant av ein operasjon. Etter operasjon vert ein overvaka på Intensiv/Recovery og kjem tilbake til avdelinga når ein ferdig overvaka.

Me er ei aktiv avdeling med stabilt personale, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. På avdelinga møter du sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, legespesialistar og legar i ulik spesialisering. Me gir behandling og har kompetanse innanfor alle fagfelt nemnt ovanfor. Me har sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar med vidareutdanning innanfor kreft og palliasjon, stomi (utlagt tarm), sår, smerte og gastro.  

Me har eit nært tverrfagleg samarbeid med andre postar, spesialavdelingar og støtteeiningar både ved Voss Sjukehus, men også med Haukeland Universitetssjukehus.

Øyeblikkeleg hjelp – Bergen legevakt

Er du pasient på Bergen Legevakt eller Haukeland Universitetssjukehus og får påvist ein brotskade kan det vere du får behandling på Voss sjukehus. Kvar veke tek me imot og operera pasientar med ulike brotskadar frå Bergen og kringliggjande kommunar. I hovudsak dreier det seg om lårhalsbrot, ankel brot og handleddsbrot.

Open retur    

Open retur er eit tilbod som hovudsakleg er til pasientar med kreftsjukdom som ikkje kan kurerast. Meininga er å skapa tryggleik både for deg som pasient og dei kring deg. Har du fått tilbod om denne ordninga vil det seie at du er velkommen til å ta direkte kontakt med oss på avdelinga. Ved behov vil du då kunne bli direkte innlagt til avdelinga utan å måtte gå via akuttmottak. 
Avdelinga har eit nært samarbeid med andre postar og spesialavdelingar ved sjukehuset. Me samarbeider også med kommunen dersom du treng kommunal bistand etter utskriving frå sjukehuset.


Kontakt

Telefon

Sentralbord

56 53 35 00

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Voss sjukehus i 4. etasje

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss