Bladet kjem ut to gonger i året og har fått gode attendemeldingar på et det er eit nyttig og interessant blad. Kvart nummer har fokus på rehabilitering i samband med eit bestemt tema som til dømes syn, lungesjukdommar, overvekt, fall og fallførebygging.
Siste utgåve: Rehabinfo 2017 - Parkinson (pdf)
Tema varierer mellom å vere diagnosespesifikk og meir generelt som til dømes kroniske smerter og kognitive utfordringar. Bladet kan innehalde artiklar frå ulike fagdisiplinar, relevante prosjekt, brukarar med meir. Brukarerfaringa er alltid veldig nyttig og interessant lesning.
I tillegg er det forsking, nyttige tips og litteraturtilvisingar. Ein lokal kunstnar er også alltid med, og pregar bladet med sine bilete. Send gjerne ros, ris og tips til gode saker eller tema på e-post til Britt Madli Manger
Tidlegare utgivingar av Rehab-info: