Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
akuttmottaket inngang

Akuttmottak, Voss

Akuttmottak tek imot pasientar for øyeblikkeleg hjelp og planlagde innleggingar. Lokale til Voss legevakt ligg i tilknyting til Akuttmottak. Når du kjem til Voss sjukehus brukar du inngangen og venterommet til Poliklinikken.

Innlegging ved Voss sjukehus, Akuttmottak og Legevakt

Avdelinga tek imot omlag 2800 pasientar årleg. Dette omfattar planlagt innlegging, øyeblikkeleg hjelp og legevakt. Pasientar kan ha alt frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. Avdelinga har eit nært samarbeid med AMK-Bergen og Kvam Legevakt i handtering av ulike hendingar.

Har du fått time til planlagt innlegging på medisinsk, kirurgisk eller gynekologisk avdeling bruker du inngangen til Poliklinikk og henvender deg i luka. Du blir henta av personalet som hjelper deg vidare til rett avdeling.

Øyeblikkeleg hjelp ring 113

Pasientane som kjem til Akuttmottaket blir prioritert etter kor alvorleg tilstanden er. Det er ikkje mogleg å seie på førehand kor lenge du må vente på Akuttmottaket. Nokon gonger kjem det inn svært sjuke eller skadde pasientar som blir tatt hand om med det same. Dei som har ein tilstand som er mindre alvorleg, vil då måtte vente lengre.

Voss sjukehus brukar verktøyet SATS Norge ved vurdering av hastegrad. Du blir vurdert ut i får innleggingsdiagnose, symptom og klinisk tilstand som puls, blodtrykk og pust. På bakgrunn av dette får du ein hastegrad som seier noko om kor raskt du treng tilsyn frå lege.

Når du kjem til Voss sjukehuset brukar du inngang og venterom til Poliklinikken. Personalet frå akuttmottak vil hente deg på venterommet. Pårørande er velkomne til å vera med, men det kan hende at du som pårørande må vente ute på gangen.  Du vil bli undersøkt av lege og sjukepeiar og det vil bli tatt blodprøvar av deg. Du blir spurt om:

  • Kven som er dine næraste pørørande
  • Kven som er fastlegen din
  • Er allergisk mot noko
  • Kva type medisinar du brukar (har du medisinliste er det fint om du tek denne med deg).

Nokre pasientar kan skrivast ut direkte, medan andre som treng observasjon og behandling, blir lagt inn på ein sengepost. Pasientar som er akutt og kritisk sjuke eller skadde kan bli overflytta til Haukeland sjukehus i Bergen.

Akuttmottaket handterer også tryggleiksalarmen for brukarar i Voss kommune.

Voss legevakt har lokale i akuttmottak, du nyttar inngang til poliklinikken.

Ved behov, henviser legevaktslege deg vidare til undersøking og behandling ved Voss sjukehus, som til dømes røntgen og poliklinikk. Du må betale separate eigendeler for dette. Dette kjem i tillegg til eigenandel på legevakt.

Om lege vurderer at du treng medisinar kan du kjøpe desse hjå Legevakta (på sjukehuset) når apoteka er stengde.

  • Fastlegen din i opningstida
  • Legevakt tlf 116117, når fastlege ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta. Uansett kvar du er i landet kan du ringja 116117. 
  • 113 når det er akutt og det står om liv

Når du ringjer 116117 kjem du til legevaktssentralen. Nummeret er gratis å ringja og betjent heile døgeret.

Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Kontakt

Øyeblikkeleg hjelp ring

Slik finn du fram

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Praktisk informasjon

Det er ikkje så mykje du treng å ta med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med. Her er ei hugseliste som kan vere til nytte. 

  • Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket.
  • Ta også med ei liste over all medisinen du brukar, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.
  • Morgonkåpe eller romsleg treningsbukse med strikk i livet som kan regulerast. 
  • Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.
  • Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.
  • Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.
  • Ikkje ta med pengar og verdisaker. Kort kan nyttast i kantina og i automat for litt snacks, småmat og toalettartiklar.
  • På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet

Røntgen på Voss

Mange av pasientane som blir innlagte på Voss sjukehus er innom Radiologisk avdeling. I tillegg kjem pasientar som er tilviste frå legane i Voss lokalsjukehusområde.
Les meir om røntgen og undersøkingar
MR-maskin med pasientbenk og grønt laken i undersøkelsesrom. Foto